Lough Lene | |||
innsjø | |||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Fylke | County Westmeath | ||
Innsjøtype | Bresjø | ||
Høgd over havet | 97 moh. | ||
Areal | 5 km² | ||
Koordinatar | 53°39′53″N 7°14′13″W / 53.66472°N 7.23694°W | ||
Øyar | Nun's Island, Castle Island, Turgesius Island | ||
Lough Lene 53°39′53″N 7°14′13″W / 53.664722222222°N 7.2369444444444°W | |||
Wikimedia Commons: Lough Lene |
Lough Lene er ein innsjø (på engelsk lough) i County Westmeath i Republikken Irland. Han ligg mellom landsbyane Castlepollard, Collinstown og Fore. Innsjøen har ein rik og variert historie og her er funne ruinar av førhistoriske gravplassar. Ein hevdar at området ved Lough Lene var heimstad for kongar og vikingar, som Thorgest, som hadde eit av forta sine på ein ås sørvest for innsjøen, før han vart drepen av Máel Sechnaill mac Maíl Ruanaid.
Det er mange fugleartar som held til i Lough Lene, særleg knoppsvane, krikkand, taffeland, lappdykkar, dvergdykkar, topp and, fiskehegre, vassrikse, stokkand, skarv og brunnake.