Lora stoppestad

Lora stoppestad (2011)
Foto: Jan-Tore Egge
Stasjonsområde
Stad Lora i Lesja kommune
Distanse 369,78 km frå Oslo sentralstasjon
Høgd 631,7 moh.
Opna 21. november 1921
Arkitekt Jernbanens Arkitektkontor ved Gudmund Hoel og Bjarne Friis Baastad
Linjer og rutedrift
Linje(r) Raumabana
Operatør(ar) NSB
Overgang
Kart
Lora stoppestad

Lora stoppestad er ein tidlegare stoppestad på Raumabana som opna i 1921, mista passasjertrafikken i 1988 og vart nedlagd i 1990. Lora er ei grend i Lesja kommune i Innlandet fylke, 25 kilometer nordvest for Dombås.

Trafikale høve

[endre | endre wikiteksten]

Lora var bemanna for billettsal og ekspedering av gods inntil beteninga vart inndregen i 1970. Trass i at stoppestaden var ubemanna vart det framleis ekspedert vognlastar dit til ut på 1980-talet. Fram til 1988 stansa toga viss det var reisande.[1] Stoppestaden vart formelt nedlagd i 1990.

Betening

[endre | endre wikiteksten]

Lora var ein "kjerringstasjon" utan stasjonsmeister eller personale med sikkerhetsfunksjonar. Dei ansette var ekspeditriser som selde billettar, ekspederte gods og handterte pakkar og post.[2]

Stasjonsbygninga

[endre | endre wikiteksten]

Stasjonsbygninga var teikna av Jernbanens arkitektkontor ved Gudmund Hoel og Bjarne Friis Baastad, og var av "Type for Raumabanen", den same bygningstypen som til dømes Bottheim, Marstein og Lesjaskog.[3] Bygninga vart sett opp frå 1917 til 1921, kravde 31 282 arbeidstimar og kosta 107 668 kroner. Kostnadane for heile stasjonsanlegget var 373 995 kroner.[4]

Bygninga er i to etasjar og kjellar, og oppført i lafta tømmer kledd med liggjande trepanel. Gavlane har ståande vekselpanel. Døra til venterommet og vindauga i gavlane er rama inn med ornamentar i nyrokokko. Bygninga har saltak tekt med skifer. Ekspedisjonsrommet har eit utbygg mot plattforma med plass til eit innvendig stillverk. I fyrste etasje var det ekspedisjonskontor, telegrafistrom og venterom for passasjerane. I andre etasje var det tenestebustad med inngang frå baksida. I kjellaren var det rom for lagring av mat og brensel, og eit bryggarhus for klesvask. Godshuset var i ei einetasjes sidefløy med port ut til plattforma. I 1976 vart det bygd kvilerom for baneavdelinga i delar av venterommet og ein del av ekspedisjonskontoret vart bygd om til soverom. Bygninga fekk innvendige vassklosett i 1960.

Stasjonsområdet

[endre | endre wikiteksten]

På stasjonsområdet er privétbygninga og ein tjoringsbom for hestar teken vare på. Lora hadde frå opninga eit 250 meter langt kryssingsspor.[5] Kryssingssporet vart fjerna før 1960. I vestre ende av stasjonsområdet var eit 75 meter langt gjennomgåande lastespor med lasterampe og eit stort godshus bygd av Lora samvirkelag (grunnlagd 1945). Lastesporet vart rive på 1990-talet, men lasterampa og godshuset står enno (2024).

Kulturminne

[endre | endre wikiteksten]

NSBs bygningsregistrering omtala i 1981 bygninga som i god stand og med middels verneverdi.[6]

I samband med vernet av strekninga Bjorli-Åndalsnes, vart det vurdert å flytta stasjonsbygninga på Lora til Flatmark for å erstatta stasjonen som vart riven i 1984:[7]

«

Nasjonal verneplan (2004)
Romsdalshorn stasjon er planlagt revet i forbindelse med omlegging av E136. Planarbeidet er kommet såpass langt at sanering av stasjonen ikke er til å unngå. Dette er sterkt beklagelig. For å unngå tap av nok en stasjon, bør stasjonsbygningen og priveten flyttes til nytt stoppested nærmere Trollveggen og Romsdalshorn. Dette vil gi nye muligheter for turistmessig bruk av Raumabanen.

Marstein stasjonsbygning er, med unntak av enkelte detaljer, i forholdsvis original stand. Stasjonens beliggenhet er kanskje den mest spektakulære på noen norsk jernbane, omgitt som den er av fjell i opptil 1800 meters høyde. Flatmark ekspedisjonsbygning og uthus ble revet i 1987 (skal være 1984). Samme skjebne fikk stasjonens vanntårn og pumpeverk (1977). På sikt bør det vurderes å gjenoppføre samtlige bygninger og perrong, for eksempel gjennom omplassering av en av de stasjonsbygningene som ikke prioriteres for vern på sitt nåværende sted (Lora, Romsdalshorn).

»

.

Eigaren Bane NOR Eigedom har gjort ei omfattande restaurering av bygninga, og ho er lokalt verna etter plan- og bygningslova.[8]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnstoff

[endre | endre wikiteksten]