Look Wot You Dun
Singel av Slade
B-side

Candidate

Utgjeve 28. januar 1972[1]
Mars 1972 (USA)[2]
Sjanger Glamrock
Lengd 2:54
Selskap Polydor
Låtskrivar(ar) Noddy Holder, Jim Lea, Don Powell
Produsent Chas Chandler
Slade-kronologi 
«Coz I Luv You»
(1971)
Look Wot You Dun «Take Me Bak 'Ome»
(1972)


«Look Wot You Dun» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeve ut i 1972 som ein singel utan album. Songen vart skriven av solovokalisten Noddy Holder, bassisten Jim Lea og trommeslagaren Don Powell, og produsert av Chas Chandler. Han nådde fjerdeplassen på den britiske singellista og låg på lista i ti veker.[3] Songen kom sidan ut på samlealbumet Sladest i 1973.[4]

Background

[endre | endre wikiteksten]

Etter at dei slo gjennom med hitten «Get Down and Get With It», fekk Slade meir suksess med oppfølgjaren «Coz I Luv You», som toppa lista i oktober 1971.[3] «Look Wot You Dun» kom ut som oppfølgjaren i januar 1972 og fortsette suksessen deira då han nådde fjerdeplassen i Storbritannia.[3] Songen var den andre dei gav ut med feilstava songtittel, etter «Coz I Luv You». Då han kom ut skapte «Look Wot You Dun» protestar blant lærarar i heile Storbritannia sidan dei meinte den fonetiske stavinga skapte forvirring blant elevane.[5]

«Look Wot You Dun» vart stort sett skriven av Lea og Powell. Då grunnideen til songen var forma, tok Lea han til Holder, som la til sine bidrag. Powell song ei form for korvokal på songen i form av tung pusting på refrenget. For innspelinga av songen lånte Hill gitaren til Peter Frampton sidan dårleg vêr over jula gjorde at gitaren hans ikkje nådde fram til studio som venta.[6]

Utgjeving

[endre | endre wikiteksten]

«Look Wot You Dun» kom ut på 7"-vinyl på Polydor Records i Storbritannia, Irland, i Europa, Skandinavia, Jugoslavia, Sør-Afrika, Australia, New Zealand, Argentina, Brasil, Libanon og Japan. I Amerika vart han gjeven ut på Cotillion.[7][8] B-sida til singelen var «Candidate», som kom ut på samlealbumet Coz I Luv You i 1972. Han kom òg ut på samleplata B-Sides i 2007.

Marknadsføring

[endre | endre wikiteksten]

Det vart filma to musikkvideoar for å marknadsføre singelen, og begge vart filma av Caravelle. Den første videoen vart filma i Chessington Zoo i London. Ein ny video vart filma i studio og bestod av gruppa som framførte songen, medan Holder hadde på seg eit magikar-kostyme.[9][10] I Storbritannia vart songen framført på musikkshowet Top of the Pops. I Tyskland spelte dei òg songen på Hits a GoGo.[11]

Mottaking

[endre | endre wikiteksten]

Då songen kom ut skildra Record Mirror han som ein song med «kraftig stakkato-aktig tema, med ei kommersiell kjensle, gruppevokal, innslag av gitar».[12] Det amerikanske magasinet Cash Box meinte singelen var «vekas singel» i februar 1972. Dei meinte den «Lennon-aktige stilen» av songen «i utgangspunktet er eit solid programmeringselement på musikalske merittar åleine».[13]

Innhald

[endre | endre wikiteksten]
7"-singel
  1. «Look Wot You Dun» - 2:45
  2. «Candidate» - 2:40
7"-singel (Amerikansk promo)
  1. «Look Wot You Dun» - 2:45
  2. «Look Wot You Dun» - 2:45

Coverversjonar

[endre | endre wikiteksten]

Salslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1972) Plassering
Australia (Kent Music Report)[19] 43
Den belgiske singellista[20] 12
Den nederlandske singellista[21] 2
Den franske singellista[22] 23
Den tyske singellista[23] 14
Irish Singles Chart[24] 6
UK Singles Chart[3] 4

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
Slade
Andre medverkande

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. http://www.45cat.com/record/2058195
  2. «Slade - Look Wot You Dun / Candidate - Cotillion - USA - 45-44150». 45cat. Henta 9. oktober 2021. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «slade | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 9. oktober 2021. 
  4. «Slade - Sladest at Discogs». Discogs.com. 24. mars 2010. Henta 9. oktober 2021. 
  5. Record Mirror 5. februar 1972
  6. «CD Album - Slade - Greatest Hits - Feel The Noize - Polydor - UK». 45worlds.com. 9. februar 2015. Henta 9. oktober 2021. 
  7. «ALL Diskografi @ www.collectadisc.co.uk». Collectadisc.co.uk. Henta 9. oktober 2021. 
  8. «Slade - Look Wot You Dun at Discogs». Discogs.com. Henta 9. oktober 2021. 
  9. «1986 - Slade Fan Club www.sladefanclub.com». Sladefanclub.com. Henta 9. oktober 2021. 
  10. Slade International Fan Club newsletter June - July - August 1986
  11. «SLADE @ www.slayed.co.uk». Crazeeworld.plus.com. Arkivert frå originalen 4. oktober 2021. Henta 7. oktober 2021. 
  12. Record Mirror magazine 29. januar 1972
  13. Cash Box newspaper - 26. februar 1972 - Singles Reviews - page 20
  14. «Alan Caddy Orchestra And Singers - Six Top Hits - Forest - UK - EVA 2013». 45cat. Henta 7. oktober 2021. 
  15. «markkuar». Veikkotiitto.fi. Henta 9. oktober 2021. 
  16. «Puhdys 1+2 - Puhdys | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. 27. januar 1997. Henta 9. oktober 2021. 
  17. «Slade Remade: Tribute to Slade - Various Artists | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. 17. februar 2004. Henta 9. oktober 2021. 
  18. «Back to Blues Rock: Furious zoo: Amazon.fr: Téléchargements MP3». Amazon.fr. Henta 9. oktober 2021. 
  19. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 277. ISBN 0-646-11917-6. 
  20. «Slade - Look Wot You Dun». Ultratop.be. Henta 9. oktober 2021. 
  21. Steffen Hung. «Slade - Look Wot You Dun». dutchcharts.nl. Henta 7. oktober 2021. 
  22. «InfoDisc : Tout les Titres par Artiste». Arkivert frå originalen 19. mars 2005. Henta 9. oktober 2021. 
  23. musicline.de / PhonoNet GmbH. «Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche». musicline.de. Arkivert frå originalen 19. desember 2013. Henta 7. oktober 2021. 
  24. Jaclyn Ward. «The Irish Charts - All there is to know». Irishcharts.ie. Henta 7. oktober 2021.