Lonely Planet

Hovudkontoret til Lonely planet i Melbourne
BransjeForlagsverksemd
Skipa1972
MorselskapBBC Worldwide
HovudkontorMelbourne
LandAustralia, USA
Grunnleggjar(ar)Tony Wheeler
Nettstadhttp://www.lonelyplanet.com

Lonely Planet Publications, kjend som Lonely Planet eller LP. er eit forlag som gjev ut reisehandbøker om land og byar i heile verda. Desse bøkene vert mykje brukt av ryggsekkturistar. Til og med 2004 hadde forlaget gjeve ut rundt 650 titlar om 118 land med eit årleg sal på ca. 6 millionar guidebøker. Lonely Planet har hovudkontor i forstaden Footscray i Melbourne i Australia.

Kjelder

Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden.

Bakgrunnsstoff