Live It Up Studioalbum av Crosby, Stills and Nash | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 26. juni 1990 | |
Innspelt | 1. februar 1986 - 5. februar 1990 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 39:17 | |
Selskap | Atlantic | |
Produsent | Crosby, Stills & Nash Joe Vitale, Stanley Johnston | |
Crosby, Stills and Nash-kronologi | ||
---|---|---|
American Dream (1988) |
Live It Up | CSN (1991)
|
Live It Up er det tiande albumet til Crosby, Stills & Nash, det fjerde studioalbumet deira som trio, gjeve ut på Atlantic Records i 1990. Albumet nådde 57. plassen på Billboard 200 med eit salstal på 300 000. Det er det første studioalbumet deira som ikkje selde til minst gullplate i USA.[1]
Etter David Crosby kom ut av fengsel drog han ut på turné med Stephen Stills og Graham Nash som CSN i 1987 og 1988.[2] Innspelinga av det andre CSNY-albumet med Neil Young vart samstundes spelt inn i løpet av dei åra, men kvartetten valde å ikkje dra ut på turné i lag. Albumet fekk dårleg mottaking og Stills rekna kritikken som «planlagt».[3] I 1989 drog Stills og Young ut på turné med kvar sine eigne band, medan Crosby og Nash byrja å arbeide på det som kom til å bli eit nytt Crosby & Nash-album. Crosby gav òg ut sitt eige soloalbum, Oh Yes I Can, den sommaren.[4] Stills gjekk saman med Crosby og Nash for å spele under nedrivinga av Berlinmuren seint i 1989, og innspelingane for det nye Crosby & Nash-albumet utvikla seg til eit nytt Crosby, Stills & Nash i staden.[5] Atlantic hadde oppfordra Stills og Nash til å inkludere Crosby i prosjektet som vart Daylight Again attende i 1981.[6]
Albumet vart spelt inn i fleire studio kring Los Angeles, hovudsakleg i The Record Plant. Delar av «Live It Up» byrja i Home-Brew Studio i Ohio og vart gjort ferdig i profesjonelle studio. «If Anybody Had a Heart», «Arrows», og «After the Dolphin» vart spelte inn i Devonshire Studios; «(Got to Keep) Open» vart spelt inn i Capitol Records.
Nash, som i praksis leia prosjektet, har uttrykt misnøye med innspelingane. I tillegg til at han var ukomfortabel med leiarrolla og sa «berre ein gong song med i lag i ein mikrofon. Så slik sett var det ikkje eit verkeleg CSN-album.»[5]
Bandet turnerte for å marknadsføre albumet i 1990, men ingen av desse songane vart faste i repertoaret til gruppa, og berre «House of Broken Dreams» og «Yours and Mine» vart spelte på enkelte konsertar etter 1990.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [7] |
Entertainment Weekly | C+[8] |
Greg Sandow skreiv i Entertainment Weekly at Live it Up er dominert av melodiar som er fengande, men for generiske og sjellause. Han la til at songane «Yours and Mine», «Arrows», og særleg «After the Dolphin» gav genuin djupne og meining, men at det samla produktet er «eit merkeleg tamt album som berre den hardaste kjernen av fansen vil like.»[8]
Jeff Giles skreiv om Live it Up i serien «Whoops!», og omtalte det som eit flaut og mislykka forsøk på å blande hippie-tankegangen frå fortida til Crosby, Stills & Nash med den glatte produksjonen frå tida då albumet vart spelt inn. Han meinte det samtidige albumet til Don Henley, The End of the Innocence, som eit mykje betre forsøk på denne kombinasjonen.[9] I ei seinare melding for Allmusic skreiv William Ruhlmann at han likte synginga til bandet og musikaliteten til studiomusikarane, men at songane ikkje var gode nok og at Live It Up var det svakaste Crosby, Stills & Nash-albumet.[7]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Live It Up» | Joe Vitale | Nash | 3:54 |
2. | «If Anybody Had a Heart» | John David Souther, Danny Kortchmar | Nash | 4:28 |
3. | «Tomboy» | Stephen Stills | Stills | 3:22 |
4. | «Haven't We Lost Enough?» | Stephen Stills, Kevin Cronin | Stills with Crosby & Nash | 3:06 |
5. | «Yours and Mine» | Craig Doerge, David Crosby, Graham Nash | Crosby | 4:21 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «(Got to Keep) Open» | Stephen Stills, Graham Nash | Stills | 4:40 |
2. | «Straight Line» | Tony Beard | Nash | 3:12 |
3. | «House of Broken Dreams» | Graham Nash | Nash | 3:18 |
4. | «Arrows» | Michael Hedges, David Crosby | Crosby | 3:51 |
5. | «After the Dolphin» | Graham Nash, Craig Doerge | Nash | 5:05 |
Studioalbum | |
---|---|
Andre album |
|
Tilknytte band | |
Tilknytte folk |