Liten laksetobis | |
Liten laksetobis | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Actinopteri |
Orden: | Øglefiskar Aulopiformes |
Familie: | Laksetobisfamilien Paralepididae |
Slekt: | Arctozenus |
Art: | Liten laksetobis A. risso |
Vitskapleg namn | |
Arctozenus risso Bonaparte, 1840
|
Liten laksetobis (Arctozenus risso) er ein fiskeart i laksetobisfamilien som finst i dei fleste tempererte og tropiske hav i verda. Han er den einaste arten i slekta Arctozenus.
Fisken er svært lang og smal med spist hovud, store auge og ein stor munn med kvasse tenner.[1][2] Han er sølvfarga. Kroppen minner om den til ein barrakuda,[3] og bukfinnane og ryggfinnen er plasserte langt bak på kroppen. Den lengste finnen er analfinnen, som har 30 til 32 finnestråler. Nær halefinnen har han ein liten feittfinne.[4] Lengda kan vera opptil 30 cm.[1]
Den mindre laksetobisen er ein pelagisk fisk som lever frå havoverflata til djupner på 2 200 meter. Føda består av småfisk og reker. Han leikar i tempererte og tropiske farvann. Larvene er pelagiske.[1]
Arten finst i sørlege Arktis og i alle tempererte og tropiske hav mellom 71°N og 55°S.[5] Han unngår vatna kring Dei britiske øyane, men går inn i det vestre Middelhavet.[6] Laksetobisen vitjar ein sjeldan gong norske farvatn.[7]
Arten er føde for mange pelagiske predatorar, som blekksprutar, vanlege delfinar og albakorar.[8][9][10] For menneske har han inga økonomisk tyding.[11]