Lille Lilli-Ann fra Lillesand Singel av Inger Jacobsen | ||
Land | Noreg | |
Språk | Norsk | |
Utgjeve | 1960 | |
Selskap | Columbia | |
Låtskrivar(ar) | Andreas Berg Juul Hansen |
---|
«Lille Lilli-Ann fra Lillesand» er ein song av Inger Jacobsen frå 1960. Melodien vart skriven av Andreas Berg og teksten vart skriven av Juul Hansen.
«Lille Lilli-Ann fra Lillesand» deltok i Melodi Grand Prix 1960, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1960 i London i Storbritannia. Songen vart framført på norsk av Inger Jacobsen i semifinalen, og enda på fjerdeplass med 28 poeng.[1][2] I finalen vart songen framført på norsk av Egil Ellingsen, og enda på femteplass med 64 poeng.[1][3]