Les Ferdinand


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 8. desember 1966 (57 år)
Acton i London
Idrett fotball
Tok del i VM i fotball 1998, EM i fotball 1996
Utmerkingar medlem av Den britiske imperieordenen

Leslie Ferdinand (fødd 8. desember 1966) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Acton. Han var angrepsspelar. Rio Ferdinand er syskenbarnet hans.

Karriere

[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel

[endre | endre wikiteksten]

Ferdinand var innom eit titals fotballklubbar som aktiv. 1988/89-sesongen gjorde han teneste i tyrkiske Beşiktaş, der han var med å vinne den nasjonale cupen, skåra eitt av dei tre finalemåla for laget. Frå 1990 til -95 var han ein sentral og målkåt spelar for toppserielaget Queens Park Rangers. Etter to sesongar i Newcastle United skreiv han i 1997 kontrakt med Tottenham Hotspur. Våren 1999 tok han del då Leicester City vart slått 1-0 i ligacupfinalen.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Ferdinand deltok i 17 av England sine landskampar i tida 1993-98. 2. juni 1993 spelte han heile kampen då Noreg slo England 2-0 på Ullevål stadion i Oslo. Ferdinand var med i dei engelske troppane til EM i fotball 1996 og VM i fotball 1998, kom ikkje på bana i korkje. Han skåra 5 landslagsmål.

Merittar

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]