Leksvik kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Peter J. Acklam | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Nidaros | ||
Prosti | Fosen | ||
Sokn | Leksvik | ||
Fellesråd | Indre Fosen | ||
Arkitekt | Ole Johnsen Hindrum og Nils Olufsen | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1670 | ||
Kyrkjegard | ved kyrkja | ||
Leksvik kyrkje 63°40′42″N 10°37′56″E / 63.6782°N 10.6322°E | |||
Wikimedia Commons: Leksvik kirke | |||
Leksvik kyrkje er ei tømra kyrkje frå 1667. Ho står sentralt plassert ved gardane Røstad ikkje langt frå Leksvik sentrum i Indre Fosen kommune i Trøndelag fylke.
Kyrkja vart bygd i 1667 av furutømmer.
På 1850 og 1860-talet vart kyrkja ombygd innvendig. På denne tida hadde ikkje folk særleg interesse i eldre utstyr, måleri eller historisk materiale. Derfor vart mykje av kyrkjeinventaret tatt bort eller øydelagt.
På 1950 og 1960-talet vart kyrkja restaurert på nytt. Da vart noko av det gamle kyrkjeinventaret, som hadde vore gøymt bort i 80 år, teke fram og sett inn i kyrkja att.
Ved Leksvik kyrkje står prestegarden, som vart bygd i 1890. Det var presten sjølv, Lars Johansen Wormdahl som var arkitekt og finansierte bygginga av prestegarden. Det var han som stod bak rivinga av den gamle prestegarden som hadde stått der sidan 1680-talet. Før den tid hadde det stått endå ein prestegard på same tomta. Han brann ned i 1686, og ein ny prestegard vart bygd like etterpå.