70°52′37.528″N 26°54′0.086400″E / 70.87709111°N 26.90002400000°E
Laksefjorden | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Laksefjorden 70°46′00″N 26°53′00″E / 70.766666666667°N 26.883333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Laksefjorden | |||
Laksefjorden (nordsamisk Lágesvuotna) er ein fjord i Lebesby kommune i Finnmark. Fjorden er den tredje lengste fjorden i Finnmark etter Porsangerfjorden og Varangerfjorden og strekkjer seg 72 km sørover til bygda Kunes i botn av fjorden.
Den ytre delen av fjorden ligg mellom Sværholthalvøya og Nordkinnhalvøya og har innløp mellom Sværholtklubben i vest og Store Finnkjerka i aust. Vest for Sværholthalvøya går Porsangerfjorden sørover, medan Tanafjorden ligg på austsida av Nordkinnhalvøya. Store Finnkjerka markerer òg den ytre og vestlege grensa for Kjøllefjorden som går søraustover til Kjøllefjord på austsida av Dyrfjordhalvøya.
Fjorden er 327 meter på det djupaste, nesten heilt ute ved munningen.
Riksveg 98 går langs austsida av fjorden ut til Ifjord, og frå her går Riksveg 888 langs delar av austsida. Når Riksveg 888 er stengd på grunn av uvêr går det ferje frå Kalak til Kifjorden.
Det ligg ikkje så mange busetnader langs fjorden. På vestsida finn ein grenda Veidnes og på austsida ligg bygdene Dyfjord, Bekkarfjord, Lebesby og Ifjord og grenda Brenngam, medan Kunes ligg inst i fjorden.
Laksefjorden har mange fjordarmar, særleg på austsida. På vestsida er den einaste fjordarmen Lille Porsangen. På austsida finn ein frå nord til sør Dyfjorden, Kifjorden, Eidsfjorden, Mårøyfjorden, Store Torskefjorden, Lille Torskefjorden, Bekkarfjorden, Ifjorden med Friarfjorden, Landersfjorden, Adamsfjorden og heilt inst ligg Storfjorden.
Det ligg fleire øyar i fjorden. Den største er Brattholmen som ligg nesten heilt inne i fjorden, medan Mårøya er den nest største. Andre øyar er Kartøya, Store Bratholmen, Langholmen, Skjåholmen, Rypøya og Bondøya.
Under andre verdskrigen hadde okkupasjonsmakta ein fangeleir med sovjetiske fangar i austre Laksefjorden.[1]:6