Laila Stien

Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. mai 1946 (78 år)
Hemnes kommune
Yrke lyrikar, skribent, barnebokforfattar, omsetjar, lingvist
Ektefelle Mikkel Aslaksen Gaup
Born Ailo Gaup

Laila Stien (fødd 16. mai 1946 i Hemnes) er ein norsk forfattar og oversettar. Stien vaks opp i Rana, og har i mange år vore busett i Finnmark. Ho blir rekna som ein av dei fremste nolevande novelleforfattarane i Noreg. I forfatterskapet sitt skildrar ho «vanlege» menneske sitt kvardagsliv, med hovudvekt på kvinne- og barndomserfaringar. Stoffet til bøkene hentar ho gjerne frå nordnorsk og samisk miljø. Stien har også gjeve ut fleire diktsamlingar og barnebøker. Utover sitt eige forfatterskap, har ho oversett og gjendikta fleire samiske forfattarar til norsk, som Nils-Aslak Valkeapää, og redigert fleire antologiar med moderne samisk litteratur. Stien har studert etnologi, samisk og sosialantropologi.

Ho er mor til verdsmeister i Freestyle Motocross (FMX), Ailo Mikkelsen Gaup.

Verk

[endre | endre wikiteksten]
Noveller
Romanar
Dikt
Barne- og ungdomsbøker
Gjendikting

Prisar

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]