| |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
La Chaux-de-Fonds er ein by i distriktet La Chaux-de-Fonds i kantonen Neuchâtel i det franskspråklege Sveits. Han ligg i Jurafjella nokre kilometer sør for grensa til Frankrike. Etter Genève og Lausanne er han den tredje største byen i den fransktalande delen av Sveits med 37 523 innbyggjarar (desember 2010).[1]
Byen, som vart grunnlagd i 1656, er særleg kjend for produksjonen av ur og klokker. Kjente klokkeprodusentar som TAG Heuer, Breitling, Invicta, Corum og Movado har tilhald i byen. Klokkemerke som Omega og Rolex har også sitt opphav i La Chaux-de-Fonds.
Kommunen er hovudstad i distriktet med same namn.
Målaren Francois Barraud og skirennaren Georges Schneider var frå La Chaux-de-Fonds.