Typisk system med tilbakekobling.

Kybernetikk (av gresk κυβερνήτης, styrmann/styrmannskunst) er eit fagfelt som tek for seg matematisk modellering, styring og regulering av fysiske system. Dynamikken til systema som skal regulerast vert grundig studert før ein ein tek til med å konstruera regulatorar. Simulering spelar ei sentral rolle innan kybernetikk.

Omgrepet kybernetikk vert som oftast nytta som eit samlande omgrep for mange under-grupper, som til dømes:

Terminologien er ikkje eintydig og mange av desse fagfelta flyt saman i større eller mindre grad. Omgrepet teknisk kybernetikk vert ofte nytta som eit samlande omgrep for reguleringsteknikk, styresystem og relevante emne innan instrumentering og datainnsamling.

Soge

Kybernetikk starta opphavleg på 1940-talet, ved at forskarar tok til å nytta analog elektronikk for å simulera dynamiske system og realisera reguleringssystem. Norbert Wiener vert rekna som den som starta fagfeltet kybernetikk, eller cybernetics som han kalla det på engelsk. Wiener utvikla eit teoretisk grunnlag for kybernetikk, eller reguleringsteknikk, men på grunn av at han arbeidde med korrelasjon og effektspektra enda han opp med ei komplisert og utilgjengeleg formulering. Han skreiv ein banebrytande, men svært tunglesen monograf. [1].

Sjå òg

Referansar

  1. Wiener, N., Cybernetics: or the Control and Communication in the Animal and the Machine, The MIT Press, 1948.