Kryssfiner er ein type konstruksjonsvirke som er laga ved at tynne lag av finer er limt lagvis saman. Til vanleg slik at fibrane i kvart lag ligg 90 grader på kvarandre. Oftast er det og med eit odde tal lag, slik at plata får best mogleg eigenskapar mot å slå seg.[1] Dermed kjem også fibrane i dei ytste laga normalt til å ligge parallelt. Platene vert limde saman, oftast med eit fenol-formaldehydlim under stort trykk.[2] Dette gjer kryssfiner til eit slags komposittmateriale.[3]
Ei vanleg grunngjeving for å bruke kryssfiner i staden for heiltre eller stavlimt heiltre, er evna til å motstå sprekking, krymping og vriding. Ofte er også kryssfiner sterkare enn heiltre.
Kryssfiner vert brukt i mange samanhengar der ein treng ei sterk plate som kan motstå sprekking, krymping og vriding. Kryssfiner kan og inngå som berande element som til dømes i ytterflata på ei flyveng. Kryssfiner kan framstillast med dobbelkrumme flater og vere heilt sjølvberande som i skroget på ein sculler. Kryssfiner har vore brukt i båt- og flyindustrien sidan andre verdskrigen. Eit kjent døme er det britiske bombeflyet De Havilland Mosquito som i all hovudsak var laga i tre.