Korporal (via fransk, frå italiensk «førar», av capo «hovud») er ei militær grad for meinige (verva eller vernepliktige) soldatar eller underoffiserar. I Romerriket blei dei kalla dekurion.
I Noreg er korporal (korp) ei grad i Hæren og Luftforsvaret, tilsvarande utskriven leiande meinig (ULM) i Sjøforsvaret. Den norske korporalsgrada tilsvarar NATO-grada OR-4. Etter at disiplinærreglementet av 1987 blei innført, har ei korporalsgrad ikkje lenger noko juridisk tyding. Korporalsgrada blir ofte tildelt lagførarar eller til meinige med stillingar i tropps- eller kompanistaben. Det er varierande praksis frå avdeling til avdeling. Ein korporal fekk kr 18,40 kr ekstra pr. dag i 2009.
Det blir skilt mellom tre underkategoriar: