Konfekt (av latin conficere, ‘laga til’)[1] er små, søte godbitar med ulike innhald, ofte fint pynta og presentert. Ein vanleg type konfekt er fylt sjokolade, som ein kan kjøpa mange stader og som gjerne blir presentert i ei eske med rom for kvar bit.[2] Marsipan, nøtter og kandisert frukt er også typiske ingrediensar. Bakverk som kan nyttast som konfekt blir gjerne kalla konfektkake.[3]
I Noreg er dei klassiske konfekteskene frå Freia kalla opp etter norske kongar, medan Sfinx er eit produkt frå Nidar.