Omslaget til den første Gribb-forteljinga frå 1908. Teiknar: Sverre Knudsen

Knut Georg Gribb er ein oppdikta detektiv frå Oslo, fyrst skildra av forfattaren Sven Elvestad under pseudonymet Kristian F. Bille i 1908. Forteljingar om han har stått på trykk i magasinet Lys og Skygge (1908–10), Detektiv-Magasinet (1928–66), romanserien til Bladkompaniet Knut Gribb (1971–2004) og vore høyrespel hjå NRK Radioteateret som Knut Gribbs arbeider (1998–2010). Det finst også episodar frå livet hans i ei stor mengd andre norske og svenske magasin, vekeblad og bøker.

Signalement

[endre | endre wikiteksten]

Fullmektig Knut Gribb slutta å eldast ein stad i førtiåra, ein alder han no har halde på i nesten hundre år. Særleg i dei første 30 åra av det offentlege livet til gribb varierer skildringa av hans utsjåande mykje. Omkring 1929 barberte han bort eit kjenneteikn, den buskete barten. Etter detta følgde forfattarane i aukande grad framstillinga til Øyulv Gran, som òg ligg til grunn for Bladkompaniet frå 1970. I romanserien i dette forlaget er Gribb over 1,80 meter høg, breiskuldra og veltrent, har mørkt, gråsprengt hår og skarpe, grå auge. Han er glattbarbert, elegant og velkledd på ein diskret måte. Andletet er markert. Det private våpenet hans, som han alltid ber utan omsyn til våpeninstruksen frå norsk politi, er ein Walther PPK, kaliber 7,65 . Han bur i ein leilegheit i Oscarsgate i Oslo saman med schäferen Nero. Husarbeidet er gjort av hushalderska fru Halvorsen.[1]

Blant dei mange kriminalistiske ferdigheitene til Gribb kan ein særleg framheva den utrulege forkledingskunsten hans, særleg i Lys og Skygge (der han m.a. maskerer seg som japanar) og dei tidlege åra av Detektiv-Magasinet.

I tenesta si har han kjempa mot leiande kriminelle, som meisterforbrytaren Thomas Ryer og eventyrerska Olga Barcowa. Medhjelparane hans er betjent Harald Brede og overkonstabel Finn Jerven, som begge vert overbetjentar i dei seinare historiene. Slagordet til Knut Gibb er «Brotsverk lønnar seg aldri».

Historie

[endre | endre wikiteksten]
Kriminalforfatteren Sven Elvestad (1884-1934)

Meisterdetektiven Knut Gribb vart lansert av forfattaren Sven Elvestad, under pseudonymet Kristian F. Bille, i hefteserien Lys og Skygge 1908. Serien var tenkt som eit sunt og positivt alternativ til importerte og fordervande krimseriar som Nick Carter. Gribb-forteljingane skulle m.a. ikkje innehalda drap. Elvestad trekte seg ut i 1909, etter det 28. heftet, og Gribb-figuren vart overteken av andre forfattarar fram til Lys og skygge gjekk inn i 1910. Ein kuriositet er forteljinga «Damen med de tusen Navn», som har namnet til Elvestad/Bille, men som delvis truleg er skriven av Herman Wildenvey. Elvestad sine Gribb-forteljingar vart seinare utgjeven under det vanlege pseudonymet til forfattaren, Stein Riverton, og med namnet på helten endra til Asbjørn Krag. Etter at Elvestad slutta vart det skrive nokre Knut Gribb-forteljingar av Finn Bratt. Ein går ut frå at desse var forfatta av Thorvald Bogsrud.

Etter eit gjestespel i Tidsfordriv 1915–18 (forfattar var forleggaren Albert Johansen, alias Aadne Janson), stod Knut Gribb opp igjen for alvor i 1928 i Detektiv-Magasinet. Her fekk detektiven leva eit langt liv og løyste mange store kriminalsaker i underverda i Oslo saman med våpendragarane sine Harald Brede og Finn Jerven (opphavleg Fritz Jærven). Gribb fekk oppnamnet «Døden» i underverda i Oslo. Blant dei meste produktive forfattarane var Sverre Vegenor og Øyulv Gran.

I 1971 gjenoppliva Bladkompaniet Knut Gribb som billigbok-serie. Fram til 2004 vart det gjeve ut 104 titlar i denne serien. Serien vart nedlagd i samband med at Bladkompaniet vart kjøpt opp av Schibsted A/S. I 2006 vart det opplyst på nettstaden til Scibsted-forlaga at ein vurderte å halda fram der Bladkompaniet slapp, men ved 100-års jubileet i 2008 slo redaktør Jørgen Gaare fast at «det foreligger ingen planer om å fortsette utgivelsen av Knut Gribb-romaner». Knut Gribb-sidene ved nettstaden vart seinare fjerna. Hausten 2010 gav Schibsted likevel ut teikneseriealbumet Knut Gribb : Redselen på Krokskogen, teikna av Ivan Andreassen etter Sverre Årne sitt høyrespel frå 1998. Albumet har undertittel Jula 2010, ei antyding om at Knut Gribb kunne dukka opp igjen seinare. I 2009 gav Commentum forlag ut ein frittståande Knut Gribb-roman, Alvedansen av Egil Sandø. Dette skal ha vore den første boka om detektiven med stive permar.

Av Gribb-forteljingar frå s seinare år er nokre lagt til nåtid; andre er «historiske» Gribb-forteljingar der helten er plassert i ein tidlegare del av den lange karrieren. Blant desse er Gunnar Staalesen sin musikal Knut Gribb tar Bergenstoget.

Frå 1998 har NRK Radioteateret sendt ei rekkje høyrespel under samletittelen Knut Gribbs bedrifter. Bortsett frå enkelte dramatiseringar av eldre historier, er handlinga her lagt til mellomkrigstida. Dei fleste høyrespela er dramatiske kriminalmysterium som legg tonen tett opptil den opphavlege hefteserien, men er òg skrivne med humoristisk distanse. Blant dei mange manusforfattarane finst fleire av serieforfattarane til Bladkompaniet, som Jan H. Jensen, Sverre Årnes og Olav Ottersen, men òg meir ålment kjende namn som Gunnar Staalesen, Knut Nærum, Tor Edvin Dahl og Tor Åge Bringsværd. I februar 2010 sende NRK høyrespelet Dragens hale av Bing & Bringsværd. Ifølgje nrk.no vert dette siste høyrespel med Knut Gribb på NRK.[2]

Gribb-forfattarar

[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. Nils Nordberg: Døden i kioskoen
  2. "Premiere: Vår siste Knut Gribb" på nrk.no

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]