Kiri Te Kanawa

Fødd6. mars 1944 (80 år)
FødestadGisborne
FødenamnClaire Mary Teresa Rawstron
OpphavNew Zealand
Aktiv1968–2016
Sjangerklassisk musikk, opera, jazz
Instrumentvokal
Stemmetypesopran
PlateselskapEMI Classics, Decca Records
Verka somoperasongar, jazzmusikar
Prisarkommandør av Order of the British Empire, New Zealand-ordenen, Edison Music Awards 2003, Companion of Honour, Honorary Companion of the Order of Australia, æresdoktor ved Royal College of Music, æresdoktor ved universitetet i Cambridge, honorary doctor of the University of Waikato, honorary doctor of the University of Bath, æresdoktor ved Durham-universitetet, æresdoktor ved Universitetet i Oxford, æresdoktor ved University of Warwick, honorary doctor of the University of Chicago, honorary doctor of the University of Auckland, Exemplary/Supreme Award of the Te Waka Toi Awards

Kiri Te Kanawa, opphavleg Claire Mary Teresa Rawstron (fødd 6. mars 1944) er ein newzealandsk operasongar som var aktiv frå 1968 til 2016. Ho var kjend som den største lyriske sopranen i si samtid.[1]

Te Kanawa har vunne heider og prisar i fleire land,[2][3] etter å ha sunge eit vidt spekter av songar på ulike språk og frå ulike tider. Ho er særleg knytt til verk av Mozart, Strauss, Verdi, Handel og Puccini.[4] Kiri Te Kanawa er også kjend for opptredenar med og plateinnspelingar av messer, operaer, operetter, musikalar,[5] jazz og maorisongar.

Seinare i karrieren sin song Te Kanawa sjeldan opera, men heldt ei rekkje konsertar, gav meisterklassar og støtta unge operasongarar i byringa av karrieren.[6] Ho trekte seg tilbake frå opera i 2010. I oktober 2016 hadde ho sin siste songopptreden i Ballarat i Australia, men annonserte først at ho hadde slutta å opptre i september 2017.[7][8]

Familie

Te Kanawa var fødd i Gisborne i New Zeland om Claire Mary Teresa Rawstron, som dotter av Mary Noeleen Rawstron og Tieki «Jack» Wawatai, som var gift på anna hald. Då ho var fem veker gammal blei ho adoptert av Nell og Atama Thomas «Tom» Te Kanawa, og fekk namnet Kiri Jeanette Claire Te Kanawa.[9] Både dei biologiske og adoptivforeldra hennar var av høvesvis irsk-engelsk og maori-avstamming.[10][11]

Kiri Te Kanawa voks opp i Gisborne, der mor hennar dreiv eit herberge.[12] Ho voks opp i pākehā eller europeisk kultur, men opplevde diskriminering som «maori» i oppveksten.[13]

Ho møtte aldri den biologiske mor si, som døydde i 1979,[14] eller faren, som døydde før ho visste noko om han, i 1963.[15] I 1987, under filminga av fjernsynsprogrammet Return Journey, blei ho teken imot av stammen til far sin, Ngati Maniapoto, og den til den biologiske faren, Ngati Porou.[16] Seinare har ho erklært slektskap til begge.[17] Sjølv om formell adopsjon ikkje var vanleg i maoritradisjon, hadde Tom Te Kanawa signalisert at ho var del av familien ved å gje henne namnet «Kiri» etter far sin.[18]

Te Kanawa hadde aldri gjort noko forsøk på å finna dei biologiske foreldra sine, men på eit visst tidspunkt kontakta halvbroren Jim Rawstron henne. I byrjinga var ho ikkje interessert i å møta han, men i 1997 gjekk ho med på det. Episoden endte bittert då ei avis omtalte møtet deira. Rawstron nekta for å ha hatt kontakt med avisa,[19] men Te Kanawa har seinare stadfesta at ho ikkje ønskjer å ha noko å gjera med den biologiske familien sin.[20]

Te Kanawa møtte Desmond «Des» Park i London i august 1967, og dei gifta seg seks veker seinare i St Patrick's Cathedral i Auckland.[21] Dei adopterte to barn, Antonia Aroja (f. 1976)[22] og Thomas (f. 1979), som blei kalla opp etter morfar sin.[23] Park var mangager for Te Kanawa gjennom ei årrekkje. Ekteparet skilde lag etter tretti år saman i 1997.[24]

Utdanning

Kiri Te Kanawa på 1960-talet.

Te Kanawa var ein musikalsk familie som ofte samla seg rundt pianoet, som mora spelte, og song. Mora oppmuntra henne til å synga solo i dei musikalske samlingane i heimen, og fekk til ein songopptreden for Kiri på den lokale radiostasjonen Radio 2XG då ho berre var sju år gammal.[25] Sjølv om Kiri var sjenert og nervøs for å opptre, tvinga mor henne til å øva og opptre. Etterkvart fekk ho faste radioinnslag.[26] I 1956 flytta familien til Auckland så Kiri kunne gå på skule der og etterkvart få songopplæring av syster Maria Leo, ei nonne som er kjend for å ha trent fleire kjende sopranar.[27]

Kiri Te Kanawa utdanna seg ved St Mary's College i Auckland, der ho også fekk songundervising. Ho blei med i St Mary's Choir, som opptredde kringom Auckland,[28] Ho song også sjølv i bryllaup og gravferder, og opptredde etterkvart også i nattklubbar.[29]

Te Kanawa fekk hovudrolla i maori-musikalen Uwane i 1962.[30] Personleg fekk ho gode kritikkar, men musikalen nådde ikkje opp hjå kritikarane. Han blei avlyst etter berre fire førestillingar.[31]

Songaren tok del i ei rekkje songtevlingar på New Zealand, og vann middel til å studera vidare. I 1960 vann ho si første songtevling, Auckland Competition, i gruppa for sekstenåringar.[32] I 1965 vann Te Kanawa ei tevling i Melbourne med ei framføring av «Vissi d'arte» frå Puccini-operaen Tosca. Vinsten var eit stipend som i lag med støtte frå den newzealandske staten, gåver og inntekter frå nokre konsertar gjorde at ho kunne dra til London for å halda fram med musikkstudia sine.[29]

I 1966 blei Te Kanawa elev ved London Opera Centre, der ho kom inn utan audition, men med anbefalingar frå læraren sin, direktøren for New Zealand Opera Company og James Robertson ved senteret.[33]

Ho studerte songteknikk under Florence Wiese-Norberg, som hjelpte henne utvikla den øvre delen av registeret sitt,[34] og Vera Rózsa, som ho fekk eit mangeårig samarbeid med. Ho skal ha mangla songteknikk då ho byrja studiane i London, men allereie hatt evna til å fanga publikum.[35] Før ho kom til London hadde ho aldri sunge ein heil opera.[29]

Te Kanawa song opphavleg mezzosopran, men blei oppmuntra til å gå høgare, og utvikla seg til slutt til å synga sopran.[36] Mellom anna fortalde Richard Bonynge henne under ein meisterklasse at ho ikkje var ein mezzosongar, men ein sopran. Etter dette byrja ho arbeida seg oppover.[a][29] Ein annan viktig påverknad i utdanninga hennar var Georg Solti.[29]

Karriere

Allereie då Te Kanawa drog til England frå New Zealand var ho blitt ein bestseljande plateartist i heimlandet, med plater som Maori Love Duets, The Nun's Chorus, My Lady Greensleeves og Kiri på Kiwi Records.[37] Ho hadde hatt faste radio- og tv-opptredenar, og hadde status som ei popstjerne.[38]

Tidlege år i London

Te Kanawa hadde si første scenerolle i desember 1968, som andre dame i Tryllefløyten av Mozart, og opptredde også i Dido and Aeneas av Purcell ved Sadler's Wells Theatre. Ho song også tittelrolla i Anna Bolena av Donizetti. I 1969 hadde ho rolla som Elena i La donna del lago av Rossini ved Camden Festival.

Etter å ha overtydd som Idamante i Idomeneo av Mozart fekk ho tilbod om ein femårskontrakt ved Royal Opera House Covent Garden.[39] Her debuterte ho som Xenia i Boris Godunov og blomejente i Parsifal i 1970.[40] I 1970 fekk både ho og newzealandske Mary Masterton hovudrolla i Carmen i Newcastle.[41] Ho turnerte i denne rolla på New Zealand til utselde hus.[42]

Internasjonal karriere

I 1970 fekk Te Kanawa rolla som skulle gje henne eit internasjonalt gjennombrot, som grevinne Almaviva i Figaros bryllup.[5] Etter auditionen for rolla sa dirigenten, Colin Davis: «Eg kunne ikkje tru mine eigne øyre. Eg har teke tusenvis av auditionar, men det var slik ei fantastisk vakker stemme. Lat oss høyra henne om att og sjå om me ikkje drøymer.[b][43] Under operasjefen John Copley fekk Te Kanawa grundig opplæring i rolla.

Ho debuterte i rolla som grevinne Almaviva ved operafestivalen Santa Fe Opera i New Mexico, dirigert av John Crosby, 30. juli 1971. Saman med ein annan nykomar, Frederica von Stade, gjorde ho stor suksess: «Det var to av nykomarane som blenda publikum: Frederica von Stade som Cherubino og Te Kanawa som Grevinna. Alle visste med ein gong at dette var strålande funn. Historia har bekrefta dette første inntrykket.»[c][44] Opplæringa og opptredenen i Santa Fe var på engelsk. Deretter måtte ho læra rolla opp att på italiensk.[29]

1. desember 1971 debuterte Te Kanawa i rolla ved Covent Garden og skapte sensasjon: «Med ‘Porgi amor’ slo ho huset overende,»[d][45] sa Donald McIntyre, «så song ho den andre arien og slo huset overende igjen.»[46] Kritikarane i London var samstemte i rosen.[47]

Etter dette følgde ein opptreden som grevinna ved Opéra National de Lyon og San Francisco Opera hausten 1972. Ho debuterte i rolla som Desdemona i Otello i Glasgow i 1972. I 1974 debuterte ho ved Metropolitan Opera i same rolla på svært kort varsel, som erstattar for Teresa Stratas, som var blitt sjuk.

Te Kanawa opptredde ved Glyndebourne Festival i 1973, og debuterte i Paris i 1975, Sydney i 1976, Milano i 1978, Salzburg i 1979 og Wien i 1980. Ho spelte Donna Elvira i Joseph Losey si filmatisering av Don Giovanni frå 1979. Filmen blei ein kritisk og kommersiell suksess.[48]

Det hektiske livet med reising og tette opptredenar gav henne ein psykisk og fysisk knekk, og i 1975 blei ho sjukemeld i fleire månader.[49] Etter dette fekk ho fleire kvileperiodar mellom engasjementa og feriar med familien.[50] Ektemannen sa frå seg ei stilling som sende han verda over, og følgde henne meir og tok seg av mykje av det administrative.[51] I 1980-åra var ho ein av dei best betalte sopranane i verda.[51]

I 1982 hadde ho sin einaste sceneopptreden som Tosca, i Paris, utan å ha suksess.[52] I 1989 la ho rolla som Elisabeth de Valois i Don Carlos til repertoaret sitt då ho opptredde i rolla i Chicago. I 1990 opptredde ho som grevinna i Capriccio, først i San Francisco seinare med suksess i Covent Garden, Glyndebourne og Metropolitan i 1998. I dei påfølgjande åra opptredde Te Kanawa ved Lyric Opera of Chicago, Opéra National de Paris, Sydney Opera House, Wiener Staatsoper, La Scala, San Francisco Opera, München og Köln, og utvida reperoaret med Mozart-rollene Donna Elvira, Pamina og Fiordiligi og italienske roller som Mimi i La bohème.

Te Kanawa hadde ei særskild tilknyting til Richard Strauss sine heltinner. Hennar første opptreden i tittelrolla i Arabella ved Houston Grand Opera i 1977. Deretter følgde rollene som Marsjalinnen i Rosenkavaleren og grevinna i Capriccio. Mange av opptredenane hennar fann stad med Georg Solti som dirigent, og det var med han ho ho spelte inn Figaros bryllup i 1982.

I 1981 blei ho sett og høyrd av eit estimert publikum på 600 millionar då ho framførte «Let the bright Seraphim» av Handel ved bryllaupet til prins Charles og lady Diana Spencer.[53] Ho blei vidare kjend utanfor operaverda i 1984, då ho song rolla som Maria i Leonard Bernstein si studioinspeling av musikalen West Side Story. Jose Carreras song rolla som Tony. Andre spesielle opptredenar var utandørskonserten «Opera in the Outback» i 1988, som fann stad i Yalkainah Gorge ved Beltana i samband med 200-årsjubileet for grunnlegginga av kolonien Australia,[54] og ein gratis utandørskonsert i The Domain på New Zealand i 1990 i samband med 150-årsjubieet for Waitangitraktaten. Rundt 140 000 menneske kom for å sjå henne, litt over 5 % av alle innbyggjarane på New Zealand.[55]

Te Kanawa var ein pådrivar for å få eit dugande konserthus på New Zealand.[56] Etter at Aotea Centre i Auckland stod ferdig opna ho senteret i 1990 og heldt den første konserten der.[57]

Kiri Te Kanawa og andre artistar frå oppsetjinga av La fille du régiment ved Metropolitan Opera, 24. desember 2011

Te Kanawa har også hatt samarbeid med musikarar frå popverda, som Paul McCartney og hans Liverpool Oratorio, ein konsert med Elton John og MC Hammer og song i filmen Meeting Venus for rollefiguren til Glenn Close.[58] I 1991 spelte ho inn «World in Union» for verdscupen i rugby som nådde fjerdeplassen på den britiske hitlista.[59]

I seinare år av karrieren hadde Te Kanawa færre operaopptredenar, sjølv om framleis heldt fleire konsertar. Ho opptredde i Vanessa av Samuel Barber i Monte Carlo (send på fjernsyn i 2001), med Washington National Opera (2002) og med Los Angeles Opera frå november til desember 2004.

I april 2010 hadde Te Kanawa sin siste operaopptreden, i rolla som Marsjalinnen i Der Rosenkavalier av Richard Strauss ved Oper Köln i Tyskland.[60] Same året spelte ho talerolla til hertuginna av Krakenthorp i La fille du régiment av Donizetti ved Metropolitan Opera, og song ein tango. Ho gjentok denne rolla ved Metropolitan Opera i 2011–12-sesongen, i Wien i 2013 og ved Covent Garden i mars 2014. I løpet av prossessen fylte ho 70 år. Mellom Strauss-framføringane opptredde ho også i urframføring av Tokyo Global Concert av Haruhisa Handa ved Nakano-Zero Hall i Nakano i Tokyo, den 10. september 2013.[61][62]

I oktober 2013 spelte ho den australske songarinna Nellie Melba i ein episode av fjernsynsserien Downton Abbey.[63]

I 2017 gjorde ho det kjend at ho ikkje kom til å opptre offentleg igjen.[64]

Kiri Te Kanawa Foundation

Te Kanawa skipa Kiri Te Kanawa Foundation i 2004 for å støtta newzealandske ungdommar med talent innan song og musikk.[e][65] Organisasjonen forvaltar eit fond som gjev stipend til slike talent, og gjev i tillegg praktisk hjelp og støtte.[66]

Prisar og utmerkingar

Te Kanawa blei gjeven ein Order of the British Empire (OBE) i 1972[67] og blei utnemnd til Dame Commander of the Order of the British Empire (DBE) i 1982 for tenester for opera.[68] Ho var ein av dei som blei tildelt New Zealand 1990 Commemoration Medal,[69] og blei utnemnd til medlem av Order of New Zealand i 1995.[70] I 1990 blei ho utnemnd til Honorary Companion of the Order of Australia for tenester for kunst, særleg opera, og for samfunnet.[71] Ho blei utnemnd til den britiske Member of the Order of the Companions of Honour (CH) 2018 for tenester til musikk.[72] Ho mottok ordenen av prins Charles i ein seremoni ved Buckingham Palace den 20. desember 2018.[73]

Te Kanawa har teke imot æresdoktorat frå ei rekkje universitet: Bath, Cambridge, Dundee, Durham, Nottingham, Oxford, Sunderland, Warwick i Storbritannia og universiteta i Chicago, Auckland og Waikato. Ho er honorary fellow ved Somerville Collegei Oxford og Wolfson College i Cambridge.

Ho blei kåra til Entertainer of the Year på New Zealand i 1970[74] og Artist of the Year ved Gramophone Awards i Storbritannia i 1992.[75] I 2010 vann ho ein Brit Award for Outstanding Contribution to Music.

I november 2019 blei ASB theatre i Aotea Centre gjeve namnet «Kiri Te Kanawa Theatre» i samband med 75-årsdagen hennar og for å gjera krus på arbeidet Te Kanawa har gjort rundtom i verda.[76] Te Kanawa avduka ein plakett med det nye namnet på før det blei halde ein gallamiddag til ære for henne.[77]

Innspelingar

Merknadar

  1. «I just started working on my voice very carefully and it just went up.»
  2. «I couldn't believe my ears. I've taken thousands of auditions, but it was such a fantastically beautiful voice. Let’s hear her again and see if we’re not dreaming.»
  3. «It was two of the newcomers who left the audience dazzled: Frederica von Stade as Cherubino and Te Kanawa as the Countess. Everyone knew at once that these were brilliant finds. History has confirmed that first impression.»
  4. «with 'Porgi amor' Kiri knocked the place flat.»
  5. «…that talented young New Zealand singers and musicians with complete dedication to their art may receive judicious and thoughtful mentoring and support to assist them in realising their dreams.»

Kjelder

  1. Nationanencyklopedin, Kiri Te Kanawa
  2. «Profile: Tonight she sings for Britain: Kiri Te Kanawa, most beloved». 12. september 1992. 
  3. Rhein, John von. «Nostalgia flows freely as beloved diva charms fans at Ravinia. But don't call it a farewell.». chicagotribune.com. 
  4. J.B. Steane. «Kiri Te Kanawa», Grove Music Online, red. L. Macy (henta 6. januar 2009), grovemusic.com (krev medlemskap)
  5. 5,0 5,1 Holbæk-Hanssen, Hilde (5. desember 2019). «Kiri Te Kanawa». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  6. Matt Thomas, "Dame Kiri Te Kanawa on coaching young singers" on Walesonline.co.uk, 8 des. 2008 Henta 7. desember 2009
  7. "Dame Kiri takes final bow in brilliant career", Weekend Herald, 16. september 2017. Henta 14. november 2017
  8. «30 November 2016 concert announcement». voicefm.com.au. [daud lenkje]
  9. Jenkins & d'Antal 1998, s. 10.
  10. Encyclopædia Britannica.
  11. Jenkins & d'Antal 1998, s. 4.
  12. Jenkins & d'Antal 1998, s. 16-17.
  13. Jenkins & d'Antal 1998, s. 20.
  14. Jenkins & d'Antal 1998, s. 215.
  15. Jenkins & d'Antal 1998, s. 288.
  16. Jenkins, d'Antal & 1998 284-287.
  17. Jenkins & d'Antal 1998, s. 369.
  18. Jenkins & d'Antal 1998, s. 16.
  19. «Brave new world». The Independent. 13. desember 1999. 
  20. Elizabeth Grice, "The dame doesn't give a damn", The Sydney Morning Herald, Spectrum Arts, 18. juli 1998, s. 15s
  21. Rubin, Stephen E. (3. mars 1974). «Kiri Did It All with a Bit of Maori Pride; About Kiri Te Kanawa». The New York Times. s. AL 15. «We met on a blind date in London and wed about six weeks later.» 
  22. Jenkins & d'Antal 1998, s. 226-7.
  23. Jenkins & d'Antal 1998, s. 240.
  24. Billen, Andrew (16. mai 2006). «A most undramatic exit for a prima donna». The Times. Henta 5. januar 2009. 
  25. Jenkins & d'Antal 1998, s. 23.
  26. Jenkins & d'Antal 1998, s. 24.
  27. Jenkins & d'Antal 1998, s. 33.
  28. Jenkins & d'Antal 1998, s. 43.
  29. 29,0 29,1 29,2 29,3 29,4 29,5 «Dame Kiri Te Kanawa», Academy of Achievement (på engelsk), henta 12. februar 2020 
  30. Jenkins & d'Antal 1998, s. 55.
  31. Jenkins & d'Antal 1998, s. 63-64.
  32. Jenkins & d'Antal 1998, s. 46.
  33. Jenkins & d'Antal 1998, s. 100.
  34. Jenkins & d'Antal 1998, s. 152.
  35. Jenkins & d'Antal 1998.
  36. Fingleton 1982, s. 21.
  37. Jenkins & d'Antal 1998, s. 106.
  38. Jenkins & d'Antal 1998, s. 114.
  39. Jenkins & d'Antal 1998, s. 186.
  40. Gilbert & Shir 2003.
  41. Jenkins & d'Antal 1998, s. 155-6.
  42. Jenkins & d'Antal 1998, s. 164.
  43. Frances Donaldson (2011). The Royal Opera House in the Twentieth Century. A&C Black. 
  44. Scott 1976.
  45. Lebrecht 2000.
  46. Jenkins & d'Antal 1998, s. 183.
  47. Jenkins & d'Antal 1998, s. 184.
  48. Jenkins & d'Antal 1998, s. 237.
  49. Jenkins & d'Antal 1998, s. 216.
  50. Jenkins & d'Antal 1998, s. 259.
  51. 51,0 51,1 Jenkins & d'Antal 1998, s. 244.
  52. Jenkins & d'Antal 1998, s. 253.
  53. «Famed soprano Dame Kiri Te Kanawa is coming to Manila». BusinessWorld. 27. september 2000. s. 1. 
  54. Jenkins & d'Antal 1998, s. 299.
  55. Jenkins & d'Antal 1998, s. 307-8.
  56. Jenkins & d'Antal 1998, s. 260.
  57. Jenkins & d'Antal 1998, s. 311.
  58. Jenkins & d'Antal 1998, s. 321.
  59. Jenkins & d'Antal 1998, s. 321, 323.
  60. Welle (www.dw.com), Deutsche, «The pressure is off for Kiri Te Kanawa, at 70 | DW | 07.03.2014», DW.COM (på engelsk), henta 23. februar 2020 
  61. «10日は中野で国際交流オペラ» [International Exchange Opera on the 10th in Nakano]. Sports Nippon (på japansk) (Tokyo). 7. september 2013. 
  62. «東京国際コンサート 歌姫ルネ・フレミングをゲストに開催» [Tokyo Global Concert Held – with Renée Fleming as the special guest]. Mostly Classic (på japansk) (Tokyo, Japan: Sankei Shimbun) 206: 96–97. 2014. 
  63. Christiansen, Rupert (7. oktober 2013). «How Downton Abbey got Nellie Melba all wrong». The Daily Telegraph. Henta 7. september 2019. 
  64. Jones, Rebecca (13. september 2017). «Dame Kiri 'won't sing in public again'». BBC News (på engelsk). 
  65. «Statement of Mission and Vision». Kiri Te Kanawa Foundation. 13. mars 2007. 
  66. «Kiri Te Kanawa Foundation » Overview of Foundation», www.kiritekanawa.org, henta 17. februar 2020 
  67. Jenkins & d'Antal 1998, s. 261.
  68. "New Year Honours 1982" (24 June 1982) 62 New Zealand Gazette 1995.
  69. Taylor, Alister, red. (2001). New Zealand Who's Who Aotearoa 2001. Auckland: Alister Taylor Publishers. s. 861. ISSN 1172-9813. 
  70. "The Queen's Birthday Honours 1995" (23 June 1996) 62 New Zealand Gazette 1759.
  71. Staff (26 January 1990). «Citation of Dame Kiri Te Kanawa». It's an Honour. The Commonwealth Government of Australia. Arkivert frå originalen 19. juni 2017. Henta 17. mars 2013. 
  72. «No. 62310». The London Gazette: B24. 8 June 2018. 
  73. «Dame Kiri Te Kanawa receives top honour award at Buckingham Palace». The New Zealand Herald. 21. desember 2018. 
  74. Jenkins & d'Antal 1998, s. 175.
  75. Jenkins & d'Antal 1998, s. 327.
  76. «Aotea Centre theatre to be named after Dame Kiri Te Kanawa». Radio New Zealand. 21 August 2019. Henta 19. november 2019. 
  77. «ASB Aotea Centre is being renamed after Dame Kiri Te Kanawa». NZ Herald. 19. november 2019. 
  78. Kiri Sings Porter Arkivert 2017-09-15 ved Wayback Machine., Spinitron via WERU. Henta 2016-09-14.
  79. «Gold and platinum New Zealand albums to 2013». Te Ara. Encyclopedia of NZ. Henta 19. juli 2015. 
Bibliografi