Kinematikk er ein delen av klassisk mekanikk som omhandlar rørsle utan å ta omsyn til årsaka eller verknaden til rørsla.[1][2][3]
Sentralt i kinematikken står omgrep som akselerasjon og fart. Ein kan ved hjelp av kinematikk skildre særs mange rørsler, særleg på jordoverflata der akselerasjonen er konstant ved fritt fall. Ved konstant akselerasjon kan dei relativt enkle rørslelikningane for konstant akselerasjon nyttast. Namnet kjem frå det A.M. Ampère kalla cinématique,[4] som han konstruerte frå det greske kinema (rørsle), som igjen kjem frå kinein (å røre eller bevege).[5][6]
Studiet av kinematikk vert ofte kalla geometrien til rørsla.[7]
For å skildre rørsle studerer ein i kinematikk banane til punkt, linjer og andre geometriske lekamar og dei forskjellige eigenskapane deira som snøggleik og akselerasjon. Kinematikk vert nytta i astrofysikk for å skildre rørsla til himmellekamar og system, og i maskinteknikk, robotikk og biomekanikk[8] for å skildre rørsla til maskindelar som heng saman, som i ein motor.
Studiet av kinematikk kan skildrast reint matematisk. Til dømes kan rotasjon skildrast som element av einingssirkelen i det komplekse planet.
|isbn=
value: length (hjelp).