Kinaskeistork
Kinaskeistork, Platalea minor Foto: Charles Lam
Kinaskeistork, Platalea minor
Foto: Charles Lam
Status
Status i verda: EN Sterkt truga
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Pelikanfuglar Pelecaniformes
Familie: Ibisfamilien Threskiornithidae
Slekt: Skeistorkar Platalea
Art: Kinaskeistork P. minor
Vitskapleg namn
Platalea minor
Temminck & Schlegel, 1849

Kinaskeistork (Platalea minor) har det minste utbreiingsområdet av alle skeistorkar, og er den einaste av desse som vert sett på som truga. Den fyrste kinaskeistorken vart oppdaga og namngjeven i 1849. Han er knytt til kystområde i Aust-Asia, og det ser ut til at han tidlegare har vore vanleg i størstedelen av utbreiingsområdet sitt. I dag kjenner ein berre til rugande fuglar på nokre små klippeøyar langs vestkysten av Nord-Korea. Fuglen har tre overvintringsområde ved Hong Kong, Taiwan og i Vietnam, og utover det finst det nokre andre stader der ein har sett han på trekk.

Den totale bestanden av arten er på om lag 288 individ. Den ynglande delen av populasjonen i Nord-Korea er ikkje større enn 30 fuglar, og det tyder på at det må finnast ein annan koloni som ikkje er kjend enno, og som moglegvis ligg i den nordaustlege delen av Kina, til dømes på Liaoningøyane, som ikkje ligg så langt frå det koreanske yngleområdet.

Ein meiner at hovudårsaka til nedgangen i artstalet ligg i øydelegginga av biotopen til arten eller meir presist i «utnyttinga» av tidevassbankane til landbruksformål og seinare til akvakulturar og industrialisering. Koreakrigen (1950-1953) må også ha hatt ein negativ verknad på arten, for fuglane heldt opp med å yngle i Sør-Korea ved den tida. I Japan, der han var vanleg som overvintrande, vart arten svært sjeldan i same tidsrommet, og i dei seinaste åra har ein ikkje hatt ein vinter der ein har observert meir enn 5 fuglar.

Nett no er arten nokolunde godt beskytta i Nord-Korea, der dei små yngleøyane langs kystane er erklært som vernesone med avgrensa tilgang. Arten er likevel truga på mange måtar, særleg i vinterkvartera. Behovet for areal til industriformål er stort på overvintringsstadene i Taiwan, medan dei plassane i Vietnam omdannast til rekeoppdrett, sjølv om dei ligg midt i eit område under Ramsarkonvensjonen. I Hong Kong forhindrar forstyrringar frå fiskarar og muslingdyrkarar ofte fuglane i å ete ved lågvatn. Utover det vil forureininga sannsynlegvis også bli eit vesentleg problem ved den framhaldne folkeauka i Aust-Asia.

Bakgrunnsstoff