Khazarriket 650–850

Khazarar eller khasarar var ei halvnomadisk tyrkisk folkegruppe frå Sentral-Asia som herska over eit større rike frå 600- til 900-talet. På høgda av si makt kontrollerte dei store delar av det som i dag er det sørlege Russland, Vest-Kasakhstan, Aust-Ukraina og store delar av Kaukasus (medrekna Dagestan, Aserbajdsjan, Georgia) og Krim-halvøya.

Khazarriket hadde ei viktig rolle som handelsveg mellom Europa og Asia, og var bufferstat mellom det kristne bysantinske riket og det muslimske omajaderiket. I Khazarriket budde mange jødar, og på 700-talet konverterte khazarherskaren Bulan og fleire adelsfolk til jødedommen. Elles var befolkninga kristen eller muslimsk, medan den opphavleg stammereligionen deira seinare er blitt kjend som tengriisme.

Kjelder

Spire Denne historieartikkelen som har med Russland og Ukraina å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.