Kettering | ||
---|---|---|
Sentrum | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Northamptonshire | |
Distrikt | Kettering | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2007) |
54 396 | |
Koordinatar | 52°24′N 0°43′W / 52.400°N 0.717°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | NN15, NN16 | |
Telefon-retningsnummer | 01536 | |
Kettering er ein marknadsby i distriktet Kettering i Northamptonshire i England. Han ligg om lag 130 km frå London. Kettering ligg hovudsakleg på vestsida av elva Ise, ei sideelv til Nene som ho møter i Wellingborough. Opphavleg vart byen kalla Cytringan, Kyteringas og Keteiringan på 900-talet, og namnet meiner ein tyder «staden (eller området) til slekta til Ketter».[1]
Byen har kring 55 000 innbyggjarar. Byen, i lag med mange andre byar i området, har mange pendlarar som nyttar seg av jernbanen Midland Main Line, som har raske tog direkte til London.