Kayleigh Singel av Marillion frå albumet Misplaced Childhood | ||
B-side |
«Lady Nina» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 7. mai 1985 | |
Innspelt | Hansa Ton Studios, Berlin, mars — mai 1985 | |
Sjanger | Neo-progressiv rock Softrock | |
Lengd | 3:33 | |
Selskap | EMI | |
Komponist | Mark Kelly, Ian Mosley, Steve Rothery, Pete Trewavas, Fish | |
Tekstforfattar | Mark Kelly, Ian Mosley, Steve Rothery, Pete Trewavas, Fish | |
Låtskrivar(ar) | musikk: Mark Kelly, Ian Mosley, Steve Rothery, Pete Trewavas tekst: Fish | |
Produsent | Chris Kimsey | |
Marillion-kronologi | ||
«Assassing» (1984) |
Kayleigh | «Lavender» (1985)
|
«Kayleigh» er ein song av det britiske neo-progressive rockebandet Marillion frå 1985. Songen nådde andre plassen på den britiske singellista.[1] Han er den mest suksessrike singelen til bandet og nådde òg Topp 10 i Irland, Noreg og Frankrike. «Kayleigh» er den einaste songen til bandet som gjekk inn på Billboard Hot 100 i USA og nådde ein 74. plass der i 1986.[2]
Songen vart mykje spelt på radio i Storbritannia og bandet framførte songen på fjernsynsprogram som Wogan og Top of the Pops. Songen er òg med i videospelet Grand Theft Auto IV på den fiktive radiokanalen Vice CIty FM og i filmen Late Night Shopping.
Musikkvideoen vart spelt inn i Berlin, der albumet Misplaced Childhood, som songen er henta frå, vart spelt inn. I videoen kan ein sjå Tamara Nowy, ei tysk kvinne som sidan gifta seg med songaren Fish, og Robert Mead, guten ein kan sjå på album- og singelomslaget.