Katrine Sele

Statsborgarskap Noreg, Danmark
Fødd 17. august 1972 (51 år)
København
Yrke journalist, forfattar

Katrine Sele (fødd 17. august 1972) er ein norsk journalist og forfattar. Ho er fødd i København, vaks mellom anna opp i Skottland, Zimbabwe, Bærum og Singapore, og er busett på Vassenden i Sunnfjord kommune.

Ho har gjeve ut artikkelsamlinga Månen er så liten som ein katt (2000), Tvisynt tvilar - eit Oddvar Torsheim-portrett (2001) og Herifrå (2006), eit samtidsdokument om Sogn og Fjordane og Kenneth – historia om Kenneth Sivertsen (2013).

Sele er tildelt presseprisen til Sogn og Fjordane journalistlag i 2000 og 2005, Sivleprisen (Sivlelaget) i 2008 for framifrå nynorsk, Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2012 og Språkprisen for 2021.

I 2020 fekk ho Samlagsprisen.

Sele vart tilsett som kulturjournalist og -kritikar i Firda i 1998. I 2013 vart ho tilsett som kommunikasjonsrådgjevar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Per 2021 jobbar ho på Høgskulen på Vestlandet.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]

Bøker

[endre | endre wikiteksten]

I bøker - eit utval

[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]