Kastanjett

Klassifiseringconcussion vessels
Hornbostel-Sachs klassifisering111.141

Kastanjett er eit perkusjonsinstrument av typen klappetre. Instrumentet består av eit par konkave skal som er bundne saman i den eine enden, typisk med ein diameter på kring 6-8 cm. Desse kan ha form som eit muslingskal, ei flat skål eller ei skei.[1] Holromma vender mot kvarandre, og fungerer som resonator.[1] Skala blir haldne i handa og blir brukte til å få fram rytmiske aksentar og/eller ein klaprande lyd, fått fram ved ein serie av raske klikk. Som regel blir instrumentet brukt parvis med eit kastanjettpar i kvar hand.

Kastanjettar blir tradisjonelt laga av hardtre, som rosentre. Ein kan også laga dei av nøtteskal, glasfiberforsterka kunstmateriale eller metall.[1]

Ordet «kastanjett» kjem frå gresk kastanea (kastanje); og som nemning for eit musikkinstrument frå spansk castañetas (‘små kastanjar’).

Historikk

[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til instrumentet er ikkje kjent. Speleteknikken med å slå handhaldne stokkar saman som akkompagnement til dans er eldgammal, og er kjent både frå det gamle Egypt og det antikke Hellas. I Spania er kastanjaettar kjende frå det 1. hundreåret f.Kr., der dei fekk namnet castañuelas etter likskapen med kastanjar.

Oppbygging

[endre | endre wikiteksten]
Kastanjettar

Dei enkelte delane av kastanjettar har kvar si nemning:

Speleteknikk

[endre | endre wikiteksten]
‘Dansande jente med kastanjettar’. Måleri av Auguste Renoir.

I praksis nyttar ein kastanjettspelar to par kastanjettar, eitt i kvar hand. Snora blir halden over ein finger (normalt over tommelfingeren, men tidlegare og i særskilde regionale dansar også over langfingeren), og kastanjettane kviler i handflata. Ved hjelp av fingrane som er bøygde over, lèt ein skala klapra mot kvarandre. Lyden frå kvart par er i litt ulik tonehøgd. Settet med den høgaste tonen, kalla hembra (kvinneleg), blir normalt halde i høgre hand, medan settet med den djupare tonen, kalla macho (mannleg), blir halde i venstre hand. Med ein utvikla speleteknikk kan ein oppnå ulike klangfargar.

Bruk

[endre | endre wikiteksten]

Kastanjettar blir ofte spelte av songarar eller dansarar. I motsetnad til ei utbreidd antaking nytter ein vanlegvis ikkje kastanjettar i flamenco-dans, bortsett for i to spesielle former, zambra og siguiriyas. I Andalucía blir kastanjettar normalt kalla palillos (små stokkar), og dei er kjende i flamenco under dette namnet. Den typiske stilen der kastanjettar inngår, er spansk folkedans som t.d. fandango, sevillana og seguidilla. I escuela bolera, ei ballettaktig danseform, bruker ein også kastanjettar til akkompagnement.

Bruk av kastanjettar i dans.

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 1,2 «K | MUSIKKORDBOKEN», www.musikkordboken.no, henta 28. februar 2024 

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]