Markering av karvatsjauth

Karvatsjauth er ei nordindisk, hovudsakleg hinduisk høgtid for gifte kvinner. Ho blir markert gjennom at konene faster ein heil dag for å be om vern for ektemannen sin, og utfører visse rituale. Namnet karva viser til ei leirkrukke som blir brukt i ritualet, medan chauth, 'den fjerde', viser til at dagen fell på den fjerde dagen etter fullmåne i månaden kartik.

Koner pynter seg særskild denne dagen, og samlar seg til særskilde måltid og bøner. Til gjengjeld pleier ektemenn gje dei gåver og ekstra merksemd.

Karvatsjauth er tradisjonelt blitt markert i Panjab og delar av Uttar Pradesh, men har spreidd seg frå slutten av 1900-talet gjennom populære indiske kjærleiksfilmar frå 1990-talet. Den auka utøvinga kan òg knytast til gruppepress og framveksten av hindunasjonalisme og auka merksemd mot ein felles hinduisk identitet på denne tida.

Sjå òg

Kjelder