Karlistkrigane var ei rekkje borgarkrigar som gjekk føre seg i Spania på 1800-talet.
Den første av krigane braut ut som følgje av ein maktkamp mellom den nye dronninga Isabella II og onkelen hennar Don Carlos. Han gjorde krav ¨på trona etter salisk lov, som ikkje tillét kvinnelege arvingar. Seinare prøvde ettergjengarane hans fleire gonger å vinna makta. Karlismen blei ei viktig høgreorientert politisk rørsle i landet som mellom anna støtta diktatoren Francisco Franco. Sidan 1936 har carlist-slekta hatt flere pretendentar.
Dei karlistiske pretendentane var:
(* også pretendent til den franske trona)