Kapun er ein hane som er blitt kastrert tidleg i livet. Dette er ein tradisjonell måte å oppnå ein slaktefugl med velsmakande kjøt på, men kapunering er forbode fleire stader, som i Noreg.[1]
Kapunkjøt er saftigare, mørare og betre på smak enn det til andre hanar og høner, både fordi dyra utviklar seg utan kjønnshormon og fordi dei gjerne rører seg mindre enn kjønnsmogne hanar.[2]
Bruk av kapunar er kjend frå det gamle Kina, Romarriket og Hellas i antikken.[3] Ein tidleg omtale av kapunering kjem frå den romerske republikken. Loven Lex Faunia frå 162 f.Kr. la ned forbod mot å feit opp høner for å spara på korn. Romarane brukte då kapunar til kjøt i staden.[4]:305 Kapunar er også omtalte seinare i mellomalderen, der gastronomiske tekstar omtalar dei som føretrekt fjørfe. Vanlege høns og hanar var rekna som bondekost, medan munkar skal ha føretrekt dei velsmakande kapunane.[4]:309
I dag blir kapunar særleg produsert i Frankrike, i regionar som Gers og Jura. Dei er ein spesialitet i Bresse, der Chapon de Bresse frå den særskilde hønserasen bressehøns har verna status som appellation d'origine contrôlée. Ein produserer også mykje kapun i Nord-Italia, som i Piemonte, Friuli-Venezia Giulia, Emilia-Romagna og Marche. Tidleg på 1900-talet var kapun vanleg som julemåltid i Nord-Italia og Toscana, og var ein sjeldan luksus for bønder og arbeidarfamiliar.[5][6][7]