Jul i Sunnnfjord er eit norsk julehefte. Det kom ut første gong i 1926, og med unnatak av nokre år under andre verdskrigen har det kome ut kvart år fram til no. Hovuddelen av innhaldet i Jul i Sunnfjord har i alle år vore litterært og kulturhistorisk stoff frå sunnfjordbygdene, ført i pennen av lokale skribentar.

I 1931 publiserte Jakob Sande diktet «Julekveld» i Jul i Sunnfjord. Dette er seinare kjent som den mykje nytta julesongen «Det lyser i stille grender».

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]