Josephine Tey
Fødenamn Elizabeth MacKintosh
Pseudonym Josephine Tey,
Gordon Daviot
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 25. juli 1896
Inverness
Død

13. februar 1952 (55 år)
London

Yrke skribent, skodespelforfattar, romanforfattar, manusforfattar, biograf
Sjanger detektivforteljing

Elizabeth MacKintosh (25. juli 189613. februar 1952) var ein skotsk forfattar som brukte pseudonymet Josephine Tey som krimforfattar og Gordon Daviot som dramatikar.

Romanen hennar The Daughter of Time er ei detektivforteljing som tek for seg rolla til Rikard III av England i døden til prinsane i tårnet, og er blitt utropt til den største krimromanen nokon sinne av Crime Writers' Association. Det fyrste skodespelet hennar, Richard of Bordeaux, hadde John Gielgud i hovudrolla i ei suksessrik oppsetjing i West End i London.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn

[endre | endre wikiteksten]

MacKintosh blei fødd i Inverness som den eldste av dei tre døtrene til frukthandlaren Colin MacKintosh og Josephine, fødd Horne. Ho var elev ved Inverness Royal Academy og så, i 1914, Anstey Physical Training College i Erdington utanfor Birmingham.[1] Ho underviste i kroppsøving ved ulike skular i England og Skottland, og arbeidde i feriane ved ein pleieheim i Inverness som frivillig sjukepleiar (Voluntary Aid Detachment). Ho hadde eit ungdommeleg forhold til ein ung mann som døydde som soldat under slaget ved Somme i fyrste verdskrigen.[2] I 1923 vende ho heim til Inverness permanent for å stella for den invalide mor si, og heldt fram med å bu der etter at mora døydde for å halda hus for faren.[3]

Det var medan ho stelte for faren at Tey byrja karrieren som forfattar.[4] Ho fekk gjeve ut sitt fyrste verk i The Westminster Gazette i 1925, under pseudonymet Gordon Daviot. Ho fortsette å gje ut dikt og forteljingar The Westminster Review, The Glasgow Herald og Literary Review.

Forfattarskap

[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste romanen hennar, Kif: An Unvarnished History, blei godt motteken med gode meldingar, sal i USA og blei nemnd på The Observer si liste Books of the Week. Verket var inspirert av ei gruppe frå 4th Cameron Highlanders, ein skotsk reservebataljon stasjonert ved Inverness før den fyrste verdskrigen som hadde ei viktig rolle i bylivet, og var eit tidleg teikn på Tey si interesse for militære emne.[5] Tre månader seinare blei den fyrste krimromanen hennar, The Man in the Queue, gjeven ut av Benn, Methuen. Denne vann Dutton Mystery Prize då han kom ut i USA. I romanen opptrer detektiven Inspector Alan Grant for fyrste gong. Det gjekk nokre år før ho skreiv ein ny krimroman.

Den verkelege ambisjonen til MacKintosh hadde vore å skriva eit skodespel som skulle setjast opp ved West End i London. Stykket hennar Richard of Bordeaux blei sett opp i 1932 ved Arts Theatre, under Daviot-pseudonymet. Det hadde så mykje suksess at det blei overført til New Theatre (no Noël Coward Theatre) i 1933, der det blei spelt i eitt år.[1] Oppsetjinga skapte eit namn for den unge hovudrolleinnehavaren og regissøren, John Gielgud, som blei ein livslang venn av MacKintosh.[6] Ho nemnde stykket i ei bok om Inspector Alan Grant: «he had in his youth seen Richard of Bordeaux; four times he had seen it.»[7] MacKintosh sa ho var blitt inspirert av Gielgud si tolking av Hamlet og av militærtilstellinga Royal Tournament.[8] Ho fekk endå to skodespel sett opp ved New Theatre, The Laughing Woman (1934) og Queen of Scots (1934, skrive i samarbeid med Gielgud).[9]

Ho skreiv kring eit dusin einaktarstykke og eit dusin til fleiraktarstykke, mange med bibelske eller historiske emne, under namnet Gordon Daviot. Ingen av desse hadde same suksess som det fyrste.[1] Berre fire av stykka blei sette opp i levetida hennar. Det er ikkje kjent kvifor ho valde namnet Gordon, men Daviot var namnet på ein scenisk stad nær Inverness der ho hadde hatt fleire fine ferieopphald med familien.[4]

Hennar einaste sakprosabok, Claverhouse, blei skriven som eit forsvar for John Graham, 1. viscount Dundee, som ho meinte hadde fått eit urettvist ettermæle: «It is strange that a man whose life was so simple in pattern and so forthright in spirit should have become a peg for every legend, bloody or brave, that belonged to his time.»

Dei best kjende bøkene til MacKintosh blei skrivne under namnet Josephine Tey, som var namnet til tippoldemora hennar frå Suffolk. Ho skreiv alle krimbøkene sine, bortsett frå den fyrste, under dette namnet.[10]

I fem av krimbøkene hennar er helten Inspector Alan Grant frå Scotland Yard. Han har også ei birolle i ei sjette bok, The Franchise Affair. Den best kjende av desse bøkene er The Daughter of Time, der Grant, som er lagt inn på sjukehuset, får hjelp av vennar til å finna bøker og dokument slik at han kan løysa spørsmålet om kong Rikard III av England drap nevøane sine, kjende som Princes in the Tower. Grant konkluderer med at kong Rikard var heilt uskuldig i dødsfalla.

The Franchise Affair har også ein historisk kontekst: sjølv om handlinga går føre seg på 1940-talet, byggjer ho på saka om Elizabeth Canning frå 1700-talet. The Daughter of Time var den siste boka av Tey som blei gjeven ut i levetida hennar. Det siste verket hennar, kriminalromanen The Singing Sands, blei funne blant papira hennar og gjeve ut posthumt.

Død

[endre | endre wikiteksten]

Tey var ein svært privat person, og unngjekk publisitet heile livet.[11] Det siste året sitt, då ho visste ho var dødssjuk, unngjekk ho også alle vennane sine. Dei fleste av vennane hennar, mellom dei Gielgud, visste ikkje ein gong at ho var sjuk.[12] Det nest siste verket hennar, The Privateer (1952), var ein romantisk roman som bygde på livet til kaperen Henry Morgan. Ho døydde av leverkreft i heimen til syster si Mary i London den 13. februar 1952.[11] Nekrologen hennar i The Times var oppført under det verkelege namnet hennar: «Miss E. Mackintosh Author of 'Richard of Bordeaux'».[1]

Inntektene frå eigedommen til Tey blei gjevne til National Trust.[11]

Verk

[endre | endre wikiteksten]

Romanar

[endre | endre wikiteksten]

Inspector Alan Grant

[endre | endre wikiteksten]

Alle som Gordon Daviot om ikkje anna er nemnt.

  1. The Man in the Queue (også gjeve ut som Killer in the Crowd) (1929) [som Gordon Daviot]. Serialisert i Dundee Evening Telegraph, 12. august til 24. september 1930.[13]
  2. A Shilling for Candles (1936)[14] (grunnlaget for Hitchcock sin film Young and Innocent frå 1937)
  3. The Franchise Affair (1948) (filmatisert i 1950 med Michael Denison og Dulcie Gray i hovudrollene)
  4. To Love and Be Wise (1950)
  5. The Daughter of Time (1951)
  6. The Singing Sands (1952)

Frittståande krimromanar

[endre | endre wikiteksten]

Andre romanar

[endre | endre wikiteksten]

Alle som Gordon Daviot

Biografiar

[endre | endre wikiteksten]

Skodespel

[endre | endre wikiteksten]

Alle som Gordon Daviot

Høyrespel

[endre | endre wikiteksten]

Alle som Gordon Daviot

Fjernsynskodespel

[endre | endre wikiteksten]

Alle som Gordon Daviot

Noveller

[endre | endre wikiteksten]

Alle som Gordon Daviot

Dikt

[endre | endre wikiteksten]

Alle som Gordon Daviot

Kort sakprosa

[endre | endre wikiteksten]

Dramatiseringar for radio og fjernsyn

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Miss E. Mackintosh Author of "Richard of Bordeaux"». The Times (52236). 15. februar 1952. s. 8. 
  2. Fraser, Antonia Introduction s. vii, 2001 Folio Society edition The Franchise Affair
  3. Henderson, Jennifer Morag (2015). A Life: Josephine Tey. Dingwall: Sandstone. s. 91–93. ISBN 978-1-910985-37-3. 
  4. 4,0 4,1 Butler, Pamela J. "The Mystery of Josephine Tey" Arkivert 15. april 2011 ved Wayback Machine., Richard III Society, American Branch
  5. Henderson, Jennifer Morag (2016). «War, and First Year at Anstey». Josephine Tey : a Life. Dingwall, Scotland: Sandstone Press Ltd. ISBN 9781910124710. 
  6. «MacKintosh, Elizabeth [pseuds. Josephine Tey, Gordon Daviot]». Oxford Dictionary of National Biography (online utg.). Oxford University Press. doi:10.1093/ref:odnb/37714. 
  7. Tey, Josephine. The Daughter of Time. Simon & Schuster, 1995, s. 47.
  8. Mann, Jessica (1981). «Josephine Tey». Deadlier than the male : why are respectable English women so good at murder?. New York: Macmillan. ISBN 9780025794603. 
  9. Oxford Dictionary of National Biography (online utg.). Oxford University Press. 
  10. «Josephine Tey», josephinetey.net, henta 4. april 2023 
  11. 11,0 11,1 11,2 McCrum, Robert (30. juli 2011). «Elizabeth Mackintosh: woman of mystery who deserves to be rediscovered». The Guardian (på engelsk). Henta 17. oktober 2017. 
  12. Ewan, Elizabeth; et al., red. (2006). The biographical dictionary of Scottish women : from the earliest times to 2004. Edinburgh: Edinburgh University Press. s. 233. ISBN 9780748626601. 
  13. «About the Author» i Tey, Josephine, The Man in the Queue. Scribner Paperback Fiction, 1995, s. 255.
  14. 14,0 14,1 14,2 «About the Author» i Tey, Josephine, The Daughter of Time. Touchstone, 1995, s. 207.
  15. Henderson, s. 240-46.
  16. The Stage, 25. april 1963, s. 14
  17. The Scotsman, 8. februar 1949
  18. Daviot, Gordon. «Barnharrow». The Faded Page. Peter Davies. Henta 17. mars 2020.