Jorge Luis Borges | |
Pseudonym | B. Suarez Lynch, H. Bustos Domecq |
Statsborgarskap | Argentina |
Fødd | 24. august 1899 Buenos Aires |
Død |
14. juni 1986 (86 år) |
Yrke | omsetjar, bibliotekar, litteraturkritikar, manusforfattar, skribent, lyrikar, kommentator, essayist |
Språk | spansk |
Sjanger | dikt, novelle, essay |
Medlem av | American Academy of Arts and Sciences, Bayerische Akademie der Schönen Künste, American Academy of Arts and Letters |
Far | Jorge Guillermo Borges |
Mor | Leonor Acevedo Suárez |
Ektefelle | Elsa Astete Millán, María Kodama |
Jorge Luis Borges på Commons |
Jorge Luis Borges (24. august 1899–14. juni 1986) er ein sentral forfattar i argentinsk litteratur og var direktør for Det argentinske nasjonalbiblioteket frå 1955 til 1973.
Borges var fødd i Buenos Aires i Argentina og fekk namnet Jorge Francisco Isidore Luis Borges Acevedo. Både farmor og mor var engelske, faren underviste i filosofi og psykologi på engelsk og engelsk vart mykje brukt i heimen. Jorge Luis vart derfor tospråkleg. Frå 1914 av heldt han seg i Sveits og Spania i mange år, der han blant anna lærte seg tysk språk, latin og fransk. Han var kjend med nordisk sagalitteratur, kinesisk litteratur, antikken, den tyske mellomalderen, det gamle Fjerne austen og Kabbalaen.
Frå 1955 var Borges direktør for Det argentinske nasjonalbiblioteket, og sjølv om han vart blind allereie i 50-årsalderen, hindra det ikkje han i å vere aktiv som forfattar i fleire tiår med hjelp frå vennar.
Borges døydde i Génève i Sveits.
Jorge Luis Borges er mest kjend for sine fantastiske forteljingar. Fiksjonen i forteljinga er lærd og presis i språket. Historiene handlar gjerne om det karakteristiske for tida, det uendelege, speglingar, encyklopediar og andre labyrintar, røynda og identiteten åt personar – ofte med personane plassert i fantastiske samanhengar. Forteljingane dreier seg om livet i Sør-Amerika, soger om folkeheltar, soldatar, gauchoar, detektivar eller historiske personar i ei blanding av realitet og fantasi.
Tlön, Uqbar, Orbis Tertius gjev eksemplar på koss forskjellige realitetsplan vert blanda og vil påverke verda. Borges går her inn som en del av same tradisjon som J.R.R. Tolkien og C.S. Lewis, nemleg eit seriøs arbeid med den fantastiske realismen.
I Umberto Eco sin roman Rosas namn opptrer figuren Jorge av Burgos, ein klosterbibliotekar, som er inspirert av Borges.
Han har i løpet av karrieren omsett fleire bøker og verk. I tillegg til eigne verk, har han utgjevingar under pseudonym som B. Suarez Lynch og H. Bustos Domecq i samarbeid med Adolfo Bioy Casares.
Borges omsette i løpet av karrieren hovudverk at mange forfattarar til spansk. Blant dei kan ein nemne: