![]() Kart som syner vegen mellom Norheimsund og Odda om Jondalstunnelen og Folgefonnstunnelen. | |
Veg | Fv107 |
---|---|
Kommune | Jondal |
Fylke | Vestland |
Lengd | 10 000 meter[1] |
Køyrehøgd | 4,6 m |
Trafikk | 920 (2023)[2] |
Opna | 7. september 2012[3][4] |
Bompengar | Innkrevinga avslutta i 2020. |
![]() Jondalstunnelen 60°10′53″N 6°17′14″E / 60.1815°N 6.28722°E |
Jondalstunnelen er ein vegtunnel som går frå Nordrepollen i Kvinnherad til Torsnes i Jondal på fylkesveg 107. Vegen om Folgefonntunnelen og Jondalstunnelen er skildra som den snøggaste og tryggaste vegen mellom Bergen og Odda, og dermed også eit alternativ for vegtrafikken mellom Bergen og Oslo.[5] Tunnelen oppstod som ein idé då planane om Folgefonntunnelen kom. Men tunnelplanane møtte mykje motsand, særleg frå dei som kjempa for alternativ lenger inne i fjorden, men også frå Kvinnherad-sida.[6] Ein eigen folkeaksjon vart skipa i 2002 for å arbeida for bygging av tunnelen, og fekk namnet Jondalstunnel Nå. Politikarar i Hardanger arbeidde for å skaffa finansiering til prosjektet og 24. juni 2009 underskreiv Statens vegvesen kontrakt med entreprenøren Kruse Smith AS om bygging av tunnelen.[7] Vegen vart offisielt opna den 7. september 2012 av statsminister Jens Stoltenberg.[8][9]
Tunnelen er 10 km lang, og prosjektet vart rekna å koste om lag 886 millionar kroner. I tillegg til sjølve Jondalstunnelen, omfatta prosjektet Ødegårdstunnelen(Torsnestunnelen) på 580 meter, veg i Nordrepollen på 540 meter, hovudveg i Jondal på 1485 meter og tre bruer.
Jondalstunnelen var delvis bompengefinansiert og det kosta 32 kr for småbilar og 51 kr for store bilar utan rabatt fram til 8. juli 2020, då bompengeinnkrevinga blei avslutta.[10][11] Frå åpning og frem til 1. desember 2018 var prisane 100 kr for småbil og 200 kr for tungbil.[12] Trafikantar som passerte både Jondalstunnelen og Folgefonntunnelen i løpet av éin time, skulle berre betala for passeringa i Jondalstunnelen. Trafikantar med Autopass kunne oppnå rabattar på opp mot 50%.[13] Innkrevinga skulle vare til år 2027.
Hovudmålet med tunnelen var eit betre og kortare samband mellom Jondal og Kvinnherad via Folgefonntunnelen mot Odda og E134 Haukelivegen. Dette sambandet gjekk før om Utne og Odda og tyngre køyretøy måte kryssa Hardangerfjorden med ferje to gonger.
I samanheng med Folgefonntunnelen vil tunnelen kunne gje grunnlag for Europaveg 134 som stamveg mellom Oslo og Bergen. Vegen vil då bli 100 kilometer kortare enn alternative vegar mellom dei to største byane i Noreg. Bussruta Haukeliekspressen vil med tunnelen kunne køyre ruta Bergen–Oslo om lag éin time snøggare enn før.[14] Statens vegvesen meinte før opninga at årsdøgntrafikken i tunnelen ville bli 340. Etter første månaden i drift ser ÅDT ut til å bli om lag 450.[15]