Jon Arne Corell | |||
| |||
Fødd | 5. februar 1947 (77 år) | ||
---|---|---|---|
Opphav | Noreg | ||
Sjanger | detektivforteljing | ||
Verka som | skribent, visesanger, redaktør, plateartist, komponist | ||
Born | Synne Corell |
Jon Arne Corell (fødd 5. februar 1947) er ein norsk visesongar, komponist og forfattar som blant anna var sentral i den politiske engasjerte visesongrørsla i Noreg på 1970-talet.
Corell var blant dei første i Noreg som song politiske viser då han opptredde i Viseklubben Dolphins. Her song han songar av Stig Dagerman og Fred Åkerström, og byrja å skriva musikk til dikt av Rudolf Nilsen. Jon Arne Corell samarbeidde tidleg med PS-gruppa, beståande av Erik Hauglund, Øyvind Jensen, Arvid Esperø, og Steinar Ofsdal, og saman med desse turnerte han ein del rundt i Noreg.
Corell er kanskje mest kjend for tolkinga si og tonesetjing av diktaren Rudolf Nilsen, først og fremst med plateprosjektet På stengrunn. Dette vart ført vidare seinare i utgjevinga På gjensyn, som òg inneheld originalopptak av Ella Hval. Plata Endå ein vår – tilby ein song vart nominert til Spellemannprisen 1975 i klassa viseplate.
Corell har sidan arbeidet som forlagsredaktør og produksjonssjef i Aschehoug forlag. Han er far til historikaren Synne Corell.