John Keats | |
Statsborgarskap | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Fødd | 31. oktober 1795 Moorgate, London |
Død |
23. februar 1821 (25 år) |
Yrke | lyrikar, ordfører, lege, skribent |
Religion | ikkje-religiøs |
John Keats på Commons |
John Keats (31. oktober 1795–23. februar 1821) var ein engelsk diktar under romantikken. Trass i ei kort verketid var han ein av dei viktigaste diktarane frå den andre generasjonen av romantiske diktarar i England, saman med Lord Byron og Percy Bysshe Shelley.
Keats blei først utgjeven berre fire år før han døydde, og dikta hans hadde ikkje fått god kritisk mottaking. I ettertid voks omdømet hans, og ved slutten av 1800-talet var han rekna som ein av dei mest elska engelske diktarane. Dikta hans har vore populære fram til våre dagar, og har påverka ei rekkje ulike diktarar og andre forfattarar.
«Faery Songs»
|
John Keats fekk sine første dikt trykte i The Examiner, eit tidsskrift drive av den radikale Leigh Hunt. Han gav ut si første diktsamling, Poems, i 1817, og Endymion i 1818.
Keats er særleg kjend for ei rekkje odar, som «Ode on a Grecian Urn», «Ode on Indolence», «Ode on Melancholy» og «Ode to a Nightingale» (alle frå 1819). Han fann inspirasjon både i klassisk gresk kultur og i europeisk mellomalderdikting, som Edmund Spenser («Imitation of Spenser», 1814), omsetjaren George Chapman («On First Looking into Chapman's Homer», 1816) og Alain Chartier (som gav tittelen til «La Belle Dame sans Merci»).
Keats er også kjend som ein fin brevskrivar, og kom mellom anna ofte tilbake til hans syn på vesenet til poesien.
Originaltekst av John Keats ved Wikisource. |
«John_Keats» i Store norske leksikon, snl.no.