Jodling (tysk Jodel) er ein songstil med raske vekslingar mellom brysttonar og falsettsong. Jodling er utbreidd i alpeområde i Sveits og Austerrike (Tyrol). Teknikken finst også i ein del afrikanske tradisjonar, og har spreidd seg til amerikansk countrymusikk.
Jodling eller jodleinspirasjon har også vore brukt i andre typar musikkverk, som operaen Wilhelm Tell (1829) av Rossini eller i musikalen The Sound of Music.