Jesus liver, gravi brast er Bernt Støylen si omsetjing av biskop Johan Nordahl Brun sin påskesalme Jesus lever, graven brast. Denne vart fyrste gong trykt med tre vers i Bruns si samling Evangeliske Sange, 1786.
Med eit kraftig språk framstår salmen som ein mektig påskesalme, og han er rekna som Bruns beste salme. I 1798 var salmen, i ein redusert versjon, trykt i Evangelisk-christelig Psalmebog . I kyrkjelyder som bruka denne salmeboka, var det vanleg at desse versa sunge som preikestolvers på påskedagen. I Landstads kirkesalmebog vart dei to fyrste versa tekne med, i eit språk nærare originalen til Brun.
Salmen vart tidleg omsett til nynorsk; i Bernt Støylen si omsetjing er han med i Songbok for sundagsskule og uppbyggjingsmøte]]. Slik er han òg trykt i Nynorsk salmebok . I Norsk salmebok er det ein lett tillempa bokmålsversjon som vert bruka.
Melodien er frå 1664/1687, skriven av Johann Rudolph Ahle og omarbeidd av Wolfgang Karl Briegel.
Originaltekst:
|
Tekst i Nynorsk salmebok:
|