Jessica Ennis-Hill | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 28. januar 1986 (38 år) Sheffield |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016, Samveldeleikane 2006 |
Utmerkingar | kommandør i den britiske imperieorden, kommandør av Order of the British Empire |
Jessica Ennis (fødd 28. januar 1986) er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar frå Sheffield som internasjonalt tevla i mangekamp. Ho vart verdsmeister 2009 og 2015, europameister 2010 og olympisk meister 2012 i sjukamp. I den sistnemnde tevlinga, som fann stad på olympiastadion i London, sette ho britisk rekord med 6 955 poeng.