Jarama | |||
elv | |||
Jarama i Titulcia
| |||
Land | Spania | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 5 047 km² | ||
Lengd | 190 km | ||
Middelvassføring | 31,7 m³/s | ||
Kjelde | Sierra de Ayllón | ||
- høgd | 2 119 moh. | ||
Munning | Tajo | ||
- høgd | 494 moh. | ||
Jarama 41°09′58″N 3°32′18″W / 41.166111111111°N 3.5383333333333°W | |||
Wikimedia Commons: Jarama River | |||
Jarama er ei elv sentralt i Spania og ei av sideelvane til Tajo. Ho renn frå nord til sør og passerer aust for Madrid. Ho munnar ut i Tajo i Aranjuez. Manzanares er ei av sideelvane til Jarama.
Under den spanske borgarkrigen ved Paracuellos del Jarama vart om lag 1000 fascistfangar drepne av den republikanske militsen under slaget ved Madrid (8.-9. november 1936). Det er omstridd om Santiago Carrillo, kommunistleiaren i Madrid, gav ordre om desse avrettingane eller ikkje, sjølv om dei vart utført under hans leiing.[1][2]. Han har sidan nekta for dette.[3].
Jarama var åstad for intense kampar under slaget ved Jarama i 1937. Nasjonaliststyrkar kryssa elva i eit forsøk på å avskjere hovudvegen mellom Madrid og Valencia og isolere den republikanske hovudstaden. Nasjonaliststyrkane leia av den spanske framandlegionen og marokkanske soldatar (Regulares) i den afrikanske armeen vart møtt av styrkar frå Republikken, inkludert den 15. internasjonale brigaden. Den 15. brigaden bestod av både britiske og amerikanske frivillige. Trass store tap klarte republikanarane å stoppe nasjonalistane like før dei nådde målet sitt. Det følgde ein periode med skyttargravskrig før fronten stabiliserte seg. Slaget kosta begge sider totalt opp mot 45 000 liv.