Jane Fonda er dotter av skodespelaren Henry Fonda og syster til skodespelaren Peter Fonda. Mora hennar, Frances Seymour Brokaw Fonda, kunne føra stamtreet sitt tilbake til Edward Seymour, bror til Jane Seymour, ei av konene til den engelske kongen Henrik VIII. Mora tok sitt eige liv på den 42. fødselsdagen sin under eit psykiatarbesøk, etter at ektemannen tre månader tidlegare hadde erklært han ville skilja seg til fordel for den 21-årige Susan Blanchard. Det følgjande tredje ekteskapet til faren heldt til 1956. Den 12 år gamle Jane blei fortald at mora hadde døydd av hjarteslag, og vart kjend med sanninga først etter eitt år frå ein avisartikkel.
Som barn hadde Fonda småroller i skuleoppsetningar, men var då eigenleg ikkje interessert i skodespel. I tenåra drog ho til Paris for å studera kunst. Tilbake i USA byrja ho på ein karriere som fotomodell og var på omslaget til tidskriftet Vogue to gonger. I 1958 traff ho Lee Strasberg, og byrja å studera ved hans teaterskole i New York City. Heilt plutseleg ville ho meir enn alt anna verta skodespelar.
Fonda debuterte på både Broadway og i Hollywood i 1960. I 1965 gifta ho seg med den franske filmregissøren Roger Vadim, som freista å gjera ho til eit sexsymbol og ei ny Brigitte Bardot, blant anna i filmen Barbarella[1] (1968). Filmen vart til trass for blanda kritikk ein kassasuksess. Han sette også opp den berykta amerikanske musikalen Calcutta med Jane Fonda i nakenscener på eit teater i Paris hausten 1969.[2]
På slutten av 1960-talet vende Jane Fonda tilbake til USA, der ho byrja å engasjera seg politisk og kom i konflikt med styresmaktene på grunn av at ho støtta Black Panthers og amerikanske urfolk. Ho var ein sterk motstandar av Vietnamkrigen, og saman med skodespelaren Donald Sutherland danna ho Anti-War Troup og trassa Pentagon ved å reisa rundt til ulike militærforlegningar.
Fonda vart arrestert på Cleveland-Hopkins internasjonale lufthamn 3. november 1970, mistenkt for narkotikasmugling.[3] Ho hadde nettopp kome attende til USA etter å ha vore i Canada for å halda ein tale om Vietnamkrigen då tollarane fann nokre konvoluttar med piller under ei gjennomsøking av bagasjen hennar. Pillene vart konfiskerte og ho vart arrestert, sett i arresten, og sidan lauslaten mot kausjon. Det var då ho kom arresten at det berømte mugshotet med den knytte neven hennar vart teke. Arrestasjonen av Fonda fekk mykje merksemd i pressa, men då det til slutt viste at seg pillene berre var vitaminar var ikkje pressa like interessert. Ho poserte i 1972 på ein nordvietnamesisk luftvernskanon, noko som ho seinare har skildra som «den største feildømminga som eg i det heile kan forestille meg».[4]
I april 2019 fortalde Fonda i eit intervju med den britiske utgåva av motemagasinet Vogue at ho har hatt kreft fleire gonger.[5][6] Ho har blant anna gjennomgådd ein brystbevarende operasjon på grunn av brystkreft og fått fjerna ein svulst på leppa.[7] Ho har òg osteoporose, noko som faren og broren òg hadde. Dette har ført til at ho har måtta få operert inn nye hofter og nytt kne.[5]
Jane Fonda (1983). Jane Fonda's Workout Book [Jane Fondas treningsbok]. Omsett av Kirsten Lien Garbo. Oslo: Gyldendal. ISBN 82-05-14312-9.
Jane Fonda (1985). Women Coming of Ace [Midtveis i livet]. Omsett av Lill Granrud. Oslo: Gyldendal. ISBN 82-05-16380-4.
Jane Fonda (1987). Jane Fonda's New Workout & Weight Loss Program [Jane Fonda New Workout: Ny treningsbok med slankeprogram]. Omsett av Lill Granrud. Oslo: Gyldendal. ISBN 82-05-17327-3.
Jane Fonda (1985). Women Coming of Ace [Midtveis i livet]. Omsett av Lill Granrud. Oslo: Gyldendal. ISBN 82-05-16380-4.
Jane Fonda (2006). My Life So Far (engelsk). New York: Random House. ISBN 978-0812975765.
Jane Fonda (2008). Jane Fonda's Words of Politics and Passion (engelsk). The New Press. ISBN 978-1595582171.
Jane Fonda (2012). Prime Time: Love, health, sex, fitness, friendship, spirit; Making the most of all of your life (engelsk). Random House. ISBN 978-0812978582.
Jane Fonda (2014). Being a Teen: Everything Teen Girls & Boys Should Know About Relationships, Sex, Love, Health, Identity & More (engelsk). Random House. ISBN 978-0812978612.
↑"Film Posters of the 60s : The Essential Movies of the Decade", sid 91, Aurum Press, London 1999 ISBN 1-85410-513-2
↑Världshändelser i Ord och Bild 1969: "Vadims fru i nakenpjäs i Paris - Filmsköna Jane Fonda", sid 169, Kulturhistoriska Förlagen, tryck: Svegea, Uddevalla 1970.
↑Jane Fonda (26. mai 2009). «Mug shot» (på engelsk). Henta 7. april 2019.