Jan Inge Hovig | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. mai 1920 Verran kommune |
Død | |
Yrke | arkitekt |
Ektefelle | Ingrid Espelid Hovig |
Jan Inge Hovig på Commons |
Jan Inge Hovig (fødd 11. mai 1920 i Verran, død 4. juli 1977) var ein norsk arkitekt.
Hovig fullførte studiet ved Norges tekniske høgskole i 1946. Frå 1947 til 1950 var han byarkitekt i Narvik under gjenoppbyggingen av byen som hadde vorte bomba under andre verdskrigen i 1940. I 1950 flytta han til Oslo der han oppretta eit eige arkitektkontor. Han er mest kjend for Ishavskatedralen i Tromsø som han teikna fyrste utkastet til i 1960, og som vart fullført i 1965. Denne kyrkja er rekna som den mest kjende bygningen i Tromsø. Kyrkja og arkitekten vart heidra med arkitekturprisen Houens fonds diplom i 2015.[1]
Jan Inge Hovig gifta seg med Ingrid Espelid Hovig i juni 1977, men bere ei veke etter bryllaupet døyde av hjarteinfarkt.[2]