Denne artikkelen handlar om omgrepet i dialektologi. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå likevekt.
Kartet viser kva for norske dialektar som har spor av jamvektsregelen. I det lyseblå området har overvektsord endinga -e, medan jamvektsord har endinga -a. I det mørkeblå området har overvektsord apokope, medan det er omfattande bruk av jamning i jamvektsord.

Jamvekt (svensk: vokalbalans) er eit omgrep i norsk dialektologi som dels brukast til å forklare ei språkhistorisk endring som har resultert i kløyvd infinitiv, dels til å dele inn dei norske dialektane. I dag er det dialektane på Austlandet og i Trøndelag og ein del svenske innlandsbygder som har spor av jamvekt.

Jamvektslova seier noko om korleis uttalen av orda har forandra seg frå norrønt og fram til moderne norsk.

Jamvektregelen har verka frå Langesundsfjorden i Telemark og Bykle i Setesdal nordover aust for Langfjella til litt nord for Molde, i Trøndelag og på indre Nord-Helgeland.

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]