James Francis Cameron, også kjent som Jim Cameron, (fødd 16. august1954 i Canada) er ein canadisk Oscar- og Golden Globe-prisa filmprodusent, regissør, manusforfattar og oppfinnar.[1][2] Han flytta til USA i 1971. James Cameron er kjent for mange regisserte og skrivne filmar som The Terminator (1984), Aliens (1986), The Abyss (1989), Terminator II (1991), Titanic (1997) og Avatar (2009). Dei siste to filmane er dei to mest innbringande filmane i historia på verdsbasis.
James Cameron vart fødd i Kapuskasing i Ontario i Canada, men voks opp i Chippawa utanfor Niagara Falls i Ontario. I 1971 flytta familien hans til California i USA, der Cameron begynte å studere fysikk. Samtidig hadde han ein stor lidenskap for filmproduksjon, og mykje tid vart brukt i filmarkivet til UCLA. Her likte han seg veldig godt, så mykje at han fann fort ut at film var den største lidenskapen hans.
Neste prosjektet til Cameron, er filmen Battle Angel som er planlagt utgjeve rundt 2012. Cameron har også sagt at han er interessert i å gje ut ei 3D utgåve av Titanic.