Iren Reppen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. desember 1965 (58 år)
Harstad kommune
Yrke skodespelar, songar, teaterskodespelar, filmskodespelar
Ektefelle Hallvard Holmen
Iren Reppen på Commons

Iren Reppen (fødd 19. desember 1965) er ein norsk skodespelar, tekstforfattar og songar. Ho er tilsett som skodespelar ved Det Norske Teatret.

Reppen er oppvaksen i Harstad, og gjekk på Statens Teaterhøgskole i perioden 1987 til 1990. Ho hadde scenedebuten sin i 1990 som Julie i Romeo og JulieTrøndelag Teater. Reppen har vore tilsett ved Det Norske Teatret sidan 1992, men er òg kjend frå ulike oppdrag for NRK TV og nyvinninga Det e hardt å være mainn.[1] Iren Reppen var teatersjef for Hålogaland Teater frå 2009 til 2013. Ho var medlem av Norsk kulturråd i perioden 2012 til 2015.[2]

De' e' hardt å være mainn

[endre | endre wikiteksten]

Det e hardt å være mainn er ein kabaret som hadde urpremiere under Festspillene i Nord-Norge i 1994, og hennar eigne tekster frå denne førestillinga har seinare vorte til plata Det e hardt å være mainn. Ho hadde førestillinga saman med dansaren Jo Strømgren. Dei reiste på turné med denne med Riksteateret i Nord-Noreg i 1995, og førestillinga vart òg sett opp på Det Norske Teatret om hausten det året. Songtekstane skreiv ho i 1992, og desse handlar om makt, kjønn og kjærleik presentert på ein ironisk måte. Musikken er komponert av Svein Gundersen.

Harald Eia brukte figuren «Kattekvinnen» frå kabareten i komiserien Åpen post.

I samband med bryllaupet til kronprins Håkon og Mette-Marit fekk dei ei CD-samling i gåve. Det e hardt å være mainn var ein av desse.

Det er hardt å være 2 kom som ein slag oppfølgjar i 2004. Dette var eit bestillingsverk frå Harstad kulturhus. I denne tilstellinga var det òg med ein dansar, denne gongen Lars Jacob Holm, og eit band. Førestillinga turnerte i regi av Riksteatret.

Teater

[endre | endre wikiteksten]

Eit utval større roller:

1990-92 Trøndelag Teater
1992-2007 Det Norske Teateret
2009- Hålogaland Teateret
2016- Riksteateret

Diskografi - CD

[endre | endre wikiteksten]

Diskografi - radio

[endre | endre wikiteksten]

Filmografi

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. Iren Reppens oppsetninger ved Det norske teateret
  2. kulturradet.no Rådet, Iren Reppen

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Iren Reppen