Innvik | |||
stad | |||
Innvik kyrkje
Foto: kirkenorge.no | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Stryn | ||
Areal | 0,72 km² | ||
Folketal | 428 (2023) | ||
Folketettleik | 594 / km² | ||
Postnummer | 6793 INNVIK | ||
Innvik 61°51′06″N 6°37′00″E / 61.851666666667°N 6.6166666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Innvik | |||
Innvik er ein tettstad og eit sokn i Stryn kommune i Vestland. Innvik var òg ein kommune frå 1837 til 1965. Tettstaden har 428 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg på sørsida av Innvikfjorden, som er ein del av fjorden Nordfjord, 17 kilometers køyring frå Olden og 34 kilometers køyring frå kommunesenteret Stryn.
Her ligg Innvik kyrkje og barneskulen Innvik skule.
Innvik vart oppretta som Innvik formannskapsdistrikt i 1837. I 1843 vart Innvik deld og Stryn skild ut som eige formannskapsdistrikt. Innvik hadde 2 675 innbyggjarar etter delinga. 1. oktober 1922 vart Raksgrenda i Innvik med 120 innbyggjarar overførd til Stryn. 1. januar 1965 vart Innvik som då hadde 3 003 innbyggjarar slegen samn med Stryn og delar av Hornindal og Gloppen kommunar til den nye Stryn kommune.
Folketalsutvikling for tidlegare Innvik kommune frå 1843 til 1963:
1843[1] | 1.12.1920[2] | 1.12.1930[3] | 3.12.1946[3] | 1.1.1951[4] | 1.1.1961[4] | 1.1.1965[1] |
---|---|---|---|---|---|---|
2675a | 2922a | 2894 | 3159 | 3173 | 3065 | 3003 |