Ingeborg Refling Hagen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. desember 1895
Tangen i Stange
Død

30. november 1989 (93 år)
Tangen i Stange

Yrke skribent, lyrikar
Språk norsk
Mor Johanne Hagen
Ingeborg Refling Hagen på Commons

Ingeborg Nancy Refling Hagen (19. desember 189530. oktober 1989) var ein norsk forfattar og kulturarbeidar.

Biografi

[endre | endre wikiteksten]

Hagen var fødd på Tangen i Stange. Ho debuterte i 1920 med Når elv skifter leie, noveller frå gamalt Hedmarksmiljø. I tiåret som følgde kom det ei rekkje romanar og novellistiske forteljingar skrivne i ein fortetta, lyrisk-musikalsk stil med sterk eigentone. I 1932 stod ho fram som lyrikar med samlinga Jeg vil hem att, som blei ein nordisk salssuksess for lyrikk. No vart ho òg ein kjend og kjær opplesar av eigne dikt.

Under andre verdskrigen gjekk ho inn i motstandsarbeidet og redigerte Jøssingposten. Den illegale verksemda førte til at ho vart arrestert midt i desember 1941.

Ingeborg Refling Hagen er opphavet til eit særeige kulturarbeid som etter krigen fekk stor framgang og vart kjend som Suttung-rørsla. Ei frukt av dette arbeidet var Suttungteateret på Tangen, gjennom mange år den einaste statsstøtta friteatergruppa i Noreg.

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

I 1977 vart ho tildelt Teskjekjerringprisen. Ho leverte prisen attende etter kort tid, fordi ho meinte NRK hadde gjort urimelege redigeringar i eit tv-innslag i høve tildelinga.[1]

Verk

[endre | endre wikiteksten]
Monumentet over nordmenn i Dei internasjonale brigadane i den spanske borgarkrigen står i Birkelunden i Oslo. Minneplata inneheld eit dikt av Ingeborg Refling Hagen.
Under psevdonymet Inge Borg
Under psevdonymet Hans Haga

Dessutan ei rekkje studiar i Shakespeare, Ibsen, Homer, Victor Hugo og Dante.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Wergeland, Ingrid Elise (1995). Slik som kjærlighet vekker deg : en bok om Ingeborg Refling Hagen. Aschehoug. s. 243. ISBN 8203261140. 

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]