Brahmiskrift i eit asjokaedikt i Sarnath.

Indiske alfabet viser hovudsakleg til ulike skriftsystem utvikla frå brahmiskrift i Sør-Asia til bruk for fleire ulike språk. I vidare tyding kan omgrepet også omfatta skrifttypar av andre opphav. Dei aller fleste kan førast tilbake til arameisk.

Dei eldste indiske alfabeta

[endre | endre wikiteksten]
Segl med induskulturteikn på.
Utbreiinga av skriftsystem i og frå India.

Dei eldste indiske innskriftene er opptil fem tusen år gamle, og stammar frå segl frå Induskulturen. Desse er ikkje tyda, og det er ukjend kvar skriftteikna kom frå. Det finst rundt 350 ulike teikn.[1]

Kharoshti er eit skriftsystem som blei utvikla i Nordvest-India frå arameisk skrift brukt i Persia under akemenidane. Dei eldste døma på kharosthiskrift er frå 300-talet f.Kr. Skrifta blei brukt av keisar Asjoka den store frå 200-talet f.Kr. på asjokaedikt sett opp i Vest-India. Edikt frå Sør-India brukte brahmiskrift, som også er utvikla frå arameisk skrift.

Kharoshti spreidde seg seinare i Sentral-Asia, medan brahmiskrift var opphavet til ei rekkje skriftspråk som ein tok i bruk over heile Sør-Asia og i Søraust-Asia.[2]

Brahmiskrift og avleidde skriftsystem

[endre | endre wikiteksten]
Kannadainnskrift frå 500-talet i holetempela i Badami.

Brahmiskrift blei først skriven frå høgre mot venstre. Skriveretningen blei seinare snudd. Det blei utvikla ein nordindisk (Gupta-brahmi) og ein sørindisk type (Pallava-brahmi). Den nordlege typen blei etterkvart utvikla til nagari og derfrå til mellom anna devanagari, som i dag blir brukt til å skriva sanskrit og hindi. Den sørlege typen blei utvikla til å skriva dravidiske språk som tamil.[2][3]

Fellestrekk for mange skriftspråk av brahmiopphav er:

Balinesisk skrift på palmeblad frå 1800-talet.

Viktige indiske alfabet som stammar frå brahmiskrifta inkluderer:

Mindre brukte alfabet som stammar frå brahmi-skrifta inkluderer sarada-skrifta, som var brukt for å skriva kasjmirsk i tidlegare tider og er enno brukt i astrologi, grantha-skrifta, som nokre tamilar bruker for å skriva sanskrit, og tibetansk-skrifta, brukt av tibetanske flyktingar.

Mange alfabet brukte i Søraust-Asia stammar også frå brahmi-skrifta. Det gjeld til dømes burmesisk skrift, thai-skrift, khmer-skrift, laotisk skrift, javanesisk skrift og balinesisk skrift.

Andre

[endre | endre wikiteksten]

Andre alfabet brukt for å skriva indiske språk inkluderer:

Sjå òg

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. «epigrafikk – india», Store norske leksikon 
  2. 2,0 2,1 «alfabet», Store norske leksikon, 02.12.2011 
  3. «India – skrift», Store norske leksikon