Incest (av latin incestus, ukyskleik), fram til 1963 kalla blodskam i norsk lov, inneber seksuelt samkvem mellom nokon som er i nær slekt. Dei fleste kulturar har rekna som seksuell omgang mellom nære slektningar som eit alvorleg brotsverk.

Definisjon

[endre | endre wikiteksten]

I dei fleste kulturar omfattar incest-omgrepet seksuelt samkvem mellom sysken og mellom personar i rett oppstigande og nedstigande linje, det vil seia mellom foreldre og barn eller mellom besteforeldre og barnebarn, og så vidare.

I antropologien reknar ein det såkalla incesttabuet for ein etisk og sosial regel som har vore så å seia universell. Dei fleste menneske har reagert med sterk avsky mot seksuell omgang mellom søsken og mellom foreldre og barn, og i dei fleste kulturar har det vore straffbart. Også hjå dei andre menneskeapene finst det sosiale mekanismar som førebyggjer incest.

Straffelova

[endre | endre wikiteksten]

I Noreg tek §§ 197, 198 og 199 i Straffeloven for seg incest:[1]

Blodskam/incest i norsk rettshistorie

[endre | endre wikiteksten]

Definisjonen av kva for nokre seksuelle samband som representerer incest og kva for nokre av dei som ikkje gjer det, og dessutan straffa for slike samband har variert gjennom historia. Ifølgje historikaren Anne Irene Riisøy, som har forska på norsk seksuallovgiving og rettspraksis i perioden 1100-1600, blei kriminaliseringa av denne forma for sex og fastsetjing av viktige rettsprinsipp innført allereie i mellomalderen.[2]

På 1600-talet kom det nye, strenge, verdslege lover som søkte å regulera seksuallivet til folk. I Christian IVs Norske Lov av 1604 er blodskam ikkje med, men er inkludert i ei forordning i 1619. I Christian Vs Norske Lov av 1684, kap 13, pkt 13, blir det definert som «at ligge i et ont Levnet tilsamme og avle Børn» og eit brotsverk for dei som «ere hindanden i andet Leed, eller andet og tredie Leed, eller i tredie lige Leed beslægtede, eller i samme Leede besvogrede». Straffa er inndraging av all formue og straffarbeid ved fiskeleia i Nord-Noreg eller bergverka (Røros/Kongsberg) i 2 til 4 år avhengig av storleiken på «synda». I tillegg måtte forbrytarane skrifta offentleg i kyrkja. Ved brotsverk for andre gong «bør de uden Naade straffis paa deris Liv.»

Punkt 14 i same kapittel tek for segblodskam i nære ledd: «De som sig i de forbudne Leed imod Guds Lov, enten i Blod eller Svogerskab, forsee, straffis paa deris Liv, og derforuden, saa fremt samme Blodskam er begangen baade med Fader og Søn, eller baade med Moder og Daatter, eller af Fader med Datter, eller af Søn med Moder, da skulle Kroppene, naar de halshugne ere, kastis paa en Ild og opbrændis.»

Ifølgje kriminallova av 1842, kap.18 kunne ascendenten dømmast til straffarbeid i fyrste grad, og descendenten til straffarbeid i femte grad.[3]

I straffelova av 1902 §208 blei strafferammene sette til høvesvis 2-8 års fengsel og inntil 2 års fengsel.

Etter ein lovrevisjon i 1963 blei straffeansvar for incest i nedstigande linje avgrensa til ascendenten. Det var også ved denne revisjonen at omgrepet «blodskam» blei erstatta med «incest».

Kyrkjelege incestlover

[endre | endre wikiteksten]

Rundt år 550 byrja kyrkjemøte å fordømma den gammaltestamentlege oppmodinga om ekteskap mellom ein mann og enkja etter bror hans. Gradvis byrja biskopar å fordømma ekteskap mellom syskenbarn og tremenningar, stemødrer, stedøtrer og enkjer etter onklar. I 721 forbaud pave Gregor II også ekteskap med gudmora til barnet sitt, eller med mora til eit av eins eigne gudbarn. Allereie eit par tiår seinare var ekteskap blitt forbode opp til sjuande ledd av slektskap, eller «så langt tilbake ein minnest». Dermed var det blitt ulovleg å gifta seg med ein etterkommar av tipp-tipp-tipp-tipp-oldeforeldra sine, eller nærare slekt.[4]

Mot slutten av 700-talet var det også forbode å gifta seg med nokon frå svigerfamilien sin, familien til gudforeldre og gudbarn, eller ein slektning av nokon som ein ein gong hadde hatt eit seksuelt forhold til. Desse forboda var så omfattande at det etter kvart var nærast umogleg å finna ein passande ektefelle. Om desse incestlovene var blitt handheva, ville dei effektivt ha hindra kongar og adel i å utvida maktstillinga si ved å inngå ekteskap innan ætta. Seint på 1000-talet var greven av Anjou i stand til å skilja seg frå fem av konene sine ved å visa til incestlovene. Henrik I av England fekk hindra ei truloving mellom nevøen sin og ei dotter av fyrstehuset Anjou ved å spreia rykte om at dei to etter seiande var søskenbarn. I 1152 blei skilsmissa mellom Ludvig VII av Frankrike og Eleanor av Aquitaine godkjent fordi paret kunne påpeika at dei var i slekt i fjerde eller femte ledd. Dette hadde vore allment kjent allereie då dei gifta seg, og den neste kona til Ludvig, Constance av Castilla, var ein endå nærare slektning enn Eleanor hadde vore. Kyrkja handheva lovverket sitt heilt vilkårleg. Slektskapsforholda til vanlege folk blei sjeldan undersøkte, sjølv om kyrkja gjerne selde dispensasjonar til folk som var villige til å betala for dei for å vere på den sikre sida. Også kongelege og adelege gifta seg nokså fritt, så lenge kyrkja ikkje var involvert i ein maktkamp med ein av dei ramma familiane, eller blei bedem om å blanda seg inn. I 1200, då rivalar påpeika at det planlagde ekteskapet mellom Otto IV av Det tysk-romerske riket og ei dotter av hertugen av Brabant burde stoppast fordi dei to var for nært nærståande, forsikra paven hertugen om at han kunne gifta bort dotter si «ikkje berre reinsa, men opphøgd, på grunn av den store nytta som me håpar at dette ekteskapet vil ha».[5]

Ved Det fjerde lateranskonsilet i 1215 innsåg kyrkja nødvendigheita av å avgrensa definisjonen av incest til å gjelda slektskap i fjerde ledd. Det uttalte målet til konsilet var dermed å kunna handheva forbodet strengare; men under Bonifatius IV, som sat på pavestolen omkring år 1400, vart dispensasjonar openlyst selt til den prisen folk var villige til å betala for dei.[6]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. Straffelovens kapittel 19
  2. 1571: 80-åring dømt for hor Arkivert 12. august 2011 på Wayback Machine. besøkt 17. januar 2010
  3. Lov angaaende Forbrydelser af 20de August 1842 Arkivert 3. februar 2008 på Wayback Machine./ besøkt 17. januar 2010
  4. Stephanie Coontz: I gode og onde dager (s. 122), forlaget Gyldendal, Oslo 2006, ISBN 82-05-35107-4
  5. Stephanie Coontz: I gode og onde dager (s. 123-4)
  6. Stephanie Coontz: I gode og onde dager (s. 124)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Incest