In My Life Song av The Beatles frå albumet Rubber Soul | ||
Utgjeve | 3. desember 1965 | |
Innspelt | 18. og 22. oktober 1965, EMI Studios, London | |
Sjanger | ||
Lengd | 2:28 | |
Selskap | Parlophone | |
Komponist | Paul McCartney, John Lennon | |
Tekstforfattar | Paul McCartney, John Lennon | |
Låtskrivar(ar) | Lennon–McCartney | |
---|---|---|
Produsent | George Martin |
«In My Life» er ein song av The Beatles gjeven ut i 1965 på albumet Rubber Soul, hovudsakleg skriven av John Lennon og tilskriven Lennon–McCartney. George Martin skreiv pianosoloen i mellomspelet. Songen er rangert på 23. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene og femteplassen på lista deira over dei 100 beste Beatles-songane.[3][4] Mojo kåra songen til den beste gjennom tidene i 2000.[5]
I følgje Lennon kan opphavet til songen sporast attende til då den engelske journalist Kenneth Allsop kom med ein merknad om at Lennon burde skrive songar om barndomen sin.[6] Etter dette skreiv Lennon eit langt dikt om minner frå barndomen. Den originale versjonen av teksten er basert på ei bussrute han pleidde å ta i Liverpool, og namngav fleire stader langs vegen, som Penny Lane og Strawberry Field.[7] Den originale teksten er på utstilling på The British Library.
Men Lennon meinte han var «latterleg» og kalla han «den mest keisame 'Kva eg gjorde i ferien min'-type song». Han arbeidde for å skrive om teksten og erstatta spesifikke minne med meir generelle tankar om fortida.[8] Berre få linjer av originalen er med i den ferdige songen.[7] I følgje venen og biografen til Lennon, Peter Shotton, syner linjene «Some [friends] are dead and some are living/In my life I've loved them all» til Stuart Sutcliffe (som døydde i 1962) og til Shotton.[6]
I eit intervju frå 1980 kalla Lennon songen «den første verkelege songen» han hadde skrive, fordi det var første gongen han skreiv ein personleg tekst om livet sitt.[9]
Songen vart spelt inn 18. oktober 1965, og var ferdig utanom det instrumentale mellomspelet.[10] På denne tida hadde ikkje Lennon avgjort kva instrument han skulle bruke, men bad til slutt George Martin om å spele ein pianosolo, og føreslo «noko barokk-aktig.[1] Martin skreiv ein Bach-liknande stykket han fann ut han ikkje klarte å spele i tempoet til songen. Den 22. oktober vart soloen spelt in med lydbandet på halv snøggleik, slik at når det vart spelt av med normal snøggleik, så gjekk pianoet dobbelt så fort og ein oktav høgare. Dette skapte òg ein unik klang, som minna om ein cembalo.[7][10]
99: «Stayin’ Alive» Bee Gees |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2021 over dei 500 beste songane gjennom tidene 98 «In My Life» The Beatles |
97: «Gloria» Patti Smith |
24: «People Get Ready» The Impressions |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 23 «In My Life» The Beatles |
22: «Be My Baby» The Ronettes |