Idun Reiten (fødd 1. januar 1942) er ein norsk matematikar som er professor i matematikk ved NTNU i Trondheim. Ho vert rekna som ein av dei fremste matematikarane i Noreg i dag.[1]
Hennar forskingsområde er representasjonsteori for artinske algebraer, kommutativ algebra, ordningar og homologisk algebra.
Reiten vart i 2007 tildelt Møbiusprisen. I 2009 vart ho tildelt Fridtjof Nansens belønning til fremragende forskere, matematisk-naturvitskapleg klasse, med den tilhøyrande Nansenmedaljen for fremragende forskning.[2]