I Believe in You Singel av Kylie Minogue frå albumet Ultimate Kylie | ||
B-side |
«B.P.M.» | |
---|---|---|
Utgjeve | 6. desember 2004 | |
Innspelt | 2004 | |
Sjanger | Dansepop, synthpop | |
Lengd | 3:21 | |
Selskap | Parlophone | |
Låtskrivar(ar) | Kylie Minogue Jake Shears Babydaddy | |
Produsent | Jake Shears Babydaddy | |
Kylie Minogue-kronologi | ||
«Chocolate» (2004) |
I Believe in You | «Giving You Up» (2005)
|
«I Believe in You» er ein dansepopsong framført av den australske songaren Kylie Minogue og skriven av Minogue, Jake Shears og Babydaddy. Han fekk ei samla positiv mottaking frå kritikarar då han vart utgjeven som den første singelen frå det andre samlealbumet til Minogue, Ultimate Kylie, i desember 2004. Singelen nådde andreplassen i Storbritannia og sjetteplassen i Australia.
«I Believe in You» er ein fengjande discokjærleikssong som nyttar synthesizer og tangentfjøl. Teksten i songen skildrar korleis ho ikkje trur på noko anna enn den ho elskar. Songen blei skriven og spelt inn sommaren 2004 i London, og hentar inspirasjon frå disco, new wave og elektronisk musikk frå 1980-talet.
Songen opnar med ein rytme og melodi på tangentfjøl som går att gjennom heile songen.[1] I refrenget syng Minogue høgare tonar med strykarar og rytmen i bakgrunnen.
«I Believe in You» kom ut 6. desember 2004 i Storbritannia og nådde andreplassen på UK Singles Chart.[2] I Australia nådde songen sjetteplassen på ARIA Charts og vart sertifisert til gull i 2005. I dei fleste europeiske landa var songen ein Topp 10-hit på singellistene. I USA kom han ikkje opp på Billboard Hot 100, men nådde tredjeplassen på Billboard Hot Dance Club Play-liste. I New Zealand nådde songen 38. plassen, og så etter to veker 29. plassen, før han fall ut etter fem veker.[3]
Videoen viser Minogue i eit studio fylt med fargerike neonlys. Det er fire ulike sekvensar, dei to første finn stad i ein stor sfære omslutta av neonlys, den tredje viser Minogue som dansar framfor kvervlande fargar av lys, og sluttscenen viser dansarar iført opplyste kostyme i ulike fargar. Mot slutten av videoen blir dei fire scenane vist tett saman, og Minogue i den andre sfæren iført same klede og med same frisyre som i den første sekvensen.
|
|
Toppliste (2004) | Listeplassering |
---|---|
Australia (ARIA Charts)[4] | 6 |
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[5] | 4 |
Belgia (Ultratop Flandern)[6] | 13 |
Belgia (Ultratop Vallonia)[7] | 20 |
Danmark (Tracklisten)[8] | 2 |
Europa (European Hot 100 Singles)[9] | 14 |
Finland (Suomen virallinen lista)[10] | 20 |
Frankrike (SNEP)[11] | 35 |
Tyskland (Media Control Charts)[12] | 12 |
Ungarn (Mahasz)[13] | 5 |
Irland (Irish Singles Chart)[14] | 9 |
Italia (FIMI)[15] | 11 |
Nederland (Mega Single Top 100)[16] | 14 |
New Zealand (RIANZ)[3] | 29 |
Noreg (VG-lista)[17] | 13 |
Spania (PROMUSICAE)[18] | 5 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[19] | 6 |
Sverige (Sverigetopplistan)[20] | 16 |
Storbritannia (UK Singles Chart)[21] | 2 |
USA (Hot Dance Club Songs)[22] | 3 |